Ausevika
Utsjånad
61°32′25″N 5°16′29″E / 61.54028°N 5.27472°E
Ausevika | |||
![]() | |||
![]() Ausevika 61°32′25″N 5°16′29″E / 61.54016667°N 5.27483333°E |
---|
Ausevika, eller Ausevik, som er det vanlege namnet i arkeologisk litteratur, er eit helleristingsfelt i Kinn kommune i Vestland fylke. Feltet er eit av dei største i Noreg.
Ausevikafeltet er i overkant av 1.500 m² stort og har over 300 registrerte figurar. Truleg finst det òg fleire figurar som i dag er dekte av mose. Motiva omhandlar alt frå dyr og menneske til abstrakte figurar, men det er motiv av hjort som er representert flest gonger. Det er tydeleg at hjorten hadde ein viktig plass i jaktkulturen her for om lag 4.000 år sidan.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Mandt, Gro & Trond Lødøen. 2005. Bergkunst : Helleristningar i Noreg. Oslo: Det Norske Samlaget. ISBN 978-82-521-6227-1
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Fylkesleksikonet om Ausevika
- Ausevika i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren