Ava Cherry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ava Cherry (òg kjend som Black Barbarella) er ei amerikansk songarinne frå Chicago. Ho er mest kjend for dei fire åra ho song for David Bowie frå 1974 til 1978 i lag med Robin Clark og Luther Vandross. Ho song både med han på turnear og på nokre av dei mest kritikarroste albuma hans. Dei var òg kjærastar ein periode og har vore vener opp gjennom åra etter samarbeide slutta.

Etter samarbeidet med Bowie var over, reiste Cherry attende til Chicago der ein ven introduserte ho for Curtis Mayfield. Ho gav ut det første albumet sitt, Spend the Night, som var i disco- og soulstil. Det andre albumet hennar, Streetcar Named Desire, kom i 1983 på Capitol Records, men selde dårleg. Då Vandross starta å verte kjend, vart ho fast syngedame for han frå 1986 og framover. I 1987 gav ho ut albumet Picture Me på Capitol, men òg dette selde dårleg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]