Aversiv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Aversiv eller evitativ er ein kasus som eksisterer i australske språk, der han indikerer at det markerte substantivet er unngått eller frykta.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Til dømes i walmajarri:

Yapa-warnti pa-lu tjurtu-karrarla laparnkanja natji-karti.
barn-ABS.PL IND-dei støv-AVERSIV løp vekk hòle-ALL
Borna laupte inn i hòla på grunn av sandstormen.

Suffikset -karrarla indikerer at handlinga (laupa vekk) vart gjennomført for å unngå sandstormen, tjurtu-.

Aversiv kan òg brukast til å merka objektivet av fryktverb. Til dømes i djabugay:

Djama-lan ŋawu yarrnga-nj.
slange-AVERSIV eg vera redd-PART
Eg var redd for slangen.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Få språk har tydeleg aversiv. Vanlegvis vil ein einskild kasus brukast for både aversiv og andre funksjonar.

Språk med klår bruk av aversiv er blant anna:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]