Kasus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kasus er ein grammatisk kategori som viser kva slags grammatisk funksjon dei nominale setningsledda har i setninga. I norsk har dei personlege pronomena kasus, skilnaden mellom eg og meg og du og deg i setningar som eg ser deg og du ser meg er ein kasusskilnad, eg og du er nominativsformer og meg og deg er akkusativformer.

Norsk er eitt av fleire språk som over tid har mista store delar av kasussystemet sitt og har erstatta det med ei meir fast ordstilling og preposisjonar. Språk med fleire kasus har som regel ei meir fri ordstilling ettersom orda vert bøygde etter den grammatiske funksjonen, i staden for at den grammatiske funksjonen vert uttrykt ved preposisjonar og ei fast ordstilling. Jo fleire kasus eit språk har, jo friare ordstilling vil det ha. Dette kan ein framleis sjå i dagens norsk, men til ein mykje mindre grad enn kva det har vore i eldre norsk.

Kasustypologi[endre | endre wikiteksten]

Det finst i hovudsak to kasussystem i verdas språk, nominativ-akkusativ-system og ergative system.[1]

Nominativ-akkusativ-system[endre | endre wikiteksten]

I desse systema har subjektet til transitive verb same kasus som subjektet til intransitive verb. Det er mange døme på nominativ-akkusativ-system, eitt kan vere indoeuropeiske språk.[2]

Pronomenet eg har ei nominativform eg og ei akkusativform meg. Dette gjer at ein som regel har ei friare ordstilling i setningar med dette pronomenet. Til dømes er setningane «Eg såg han» og «Han så eg» ekvivalente. Subjektet i setninga vert eintydig uttrykt ved bruk av nominativskasusen av pronomenet eg i setninga. I pronomen som ikkje vert bøygde i kasus har ein ikkje den same frie ordstillinga, til dømes med pronomenet dei. Setningane «dei såg han» og «han såg dei» er heilt ulike setningar. Her har ein ikkje har kasus til å uttrykke den grammatiske funksjonen, ein må i staden uttrykke dei grammatiske funksjonane i setninga ved ei fast ordstilling, som på norsk er at subjektet kjem først medan objektet kjem etter verbet. Kasus opnar altså opp for at ord kan stå meir fritt i ei setning.

Kasus i norske dialektar[endre | endre wikiteksten]

Tal: Eintal Fleirtal
Bundenheit: Ubunden form Bunden form Ubunden form Bunden form
Kasus: N/A/D N/A D N/A/D N/A D
Gudbrandsdalen einn båt 'båtn 'båté "båte "båtæinn "båtåm
Lærdal ein baot baotn baoti baota baotadn baoto
Selbu en båt 'båtn 'båtã "båta "båtainn "båtåm
Nordmøre εn båt 'båtn 'båta "båta "båtainn "båtå
Verdal εn båt 'båtn 'båta "båta "båtann "båtom
Setesdal ein båte båten båtæ båta båtan båtó
Ranværing (Forelda) ein båt båtn batæ bata batan bato
Gutnisk (Sverige) ain bat baten bate batar batar batä
Malung (Sverige) en båt båtn båtâm båtar båtan båtôm
Kalixmål (Sverige) ein bat batn bato bat batan bato

I mange norske dialektar finn ein òg kasusbøying av substantiv. I ubunden form er det ikkje kasusdistinksjon, men i bunden form er det ein skilnad mellom dativ (for indirekte objekt og etter visse preposisjonar, i prinsippet dei same som i tysk, og nominativ for alle andre grammatiske funksjonar, inkludert objekt. Som regel er det slik at i eintal dativ får hankjønnssubstantiv same suffiks som vi finn for eintal nominativ hos hokjønnssubstantiv, og omvendt, mens inkjekjøn får eit eige suffiks. I fleirtal får alle genera same suffiks, som regel -om i austnorske og -o i vestnorske dialektar. (Sjå tabellen til høgre.)

Særskilde dativformer av substantiv finst i dag hovudsakleg i midlandsmål, nordlege e-mål og trøndsk utanom Fosen, og dei fleste stadene er desse formene på sterkt vikande front mellom yngre språkbrukarar. Det norske dativområdet hang ilag med eit svensk område som går frå Dalarne opp til Jämtland, og eit isolera område i Norrbotten og Västerbotten.[3]

Ergative system[endre | endre wikiteksten]

I desse systema har objektet til transitive verb same kasus som subjektet til intransitive verb. Det er mange døme på ergative system, eitt kan vere grønlandsk.

angu-t neri-voq "Mannen et"
mann-ABS ete-3p
angu-tip puisi neri-vaa "Mannen et selen"
mann-ERG sel-ABS ete-3p/3p

I setninga med eitt argument står det i kasus absolutiv, som angut "mann" Abs. Med to argument står objektet i absolutiv (puisi "sel") men subjektet står i ergativ (angutip "mann" Erg.).[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. https://wals.info/feature/98A#2/26.7/149.4 gjev eit oversyn over nominativ-akkusativsystem og ergative system i verda.
  2. Ein kort presentasjon av systemet i islandsk er Simonsen m. fl. 1988 s. 108ff.
  3. For eit oversyn, sjå Sandøy 1985.
  4. Bjørnum 2003.
Bibliografi
  • Bjørnum, Stig (2003). Grønlandsk grammatik. Nuuk: Forlaget Atuagkat. 
  • Blake, Barry J. 2001: Case. Cambridge: Cambridge University Press
  • Sandøy, Helge (1985). Norsk dialektkunnskap. Oslo: Novus. ISBN 8270991031. 
  • Simonsen, Hanne Gram; Rolf Theil Endresen; Even Hovdhaugen, red. (1988). Språkvitenskap. Oslo: Universitetsforl. ISBN 8200184447.