Avskriving i genetikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Avskriving eller transkripsjon er prosessen der det vert danna ein komplimentær RNA-tråd til eit stykke DNA-tråd. Dette hender ved hjelp av eit RNA-polymerase-enzym.

DNA er dobbelttråda, og berre éin tråd vert nytta som mal for avskriving. Denne maltråden vert kalla den ikkje-kodande tråden, sidan sekvensen på RNA-tråden vil vera den same (minus uracil i staden for tymin) som sekvensen på tråden som maltråden er para med.

Resultatet av avskrivinga kan til dømes vera eit mRNA-molekyl, som vidare kan setjast om til eit protein i eit ribosom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]