mRNA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

mRNA (stutt for messenger RNA) eller bodberar-RNA er ein type RNA-molekyl som inneheld genetisk informasjon frå avskriving av DNA. Eit moge mRNA-molekyl kan binda seg til eit ribosomkompleks og vera mal for proteinsyntese; ein prosess kalla omsetjing.

I eukaryotar lyt mRNA-et dra ut av sellekjernen for å kunna setjast om i eit ribosom. I prokaryotar kan eit mRNA-molekyl setjast om i ribosom medan det framleis vert laga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]