En krybbe var vuggen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Away in a Manger)
Hopp til navigering Hopp til søk
Mueller-melodien
Kirkpatrick-melodien

«Away in a Manger» er ein engelskspråkleg julesong eller salme frå USA. På norsk er han kjend som «En krybbe var vuggen» eller «En krybbe var vuggen som ventet ham her».

Den eldste kjende utgjevinga av «Away in a Manger», frå the The Sailor's Magazine and Seamen's Friend i november 1883.

Tekstforfattaren er ukjend, sjølv om songen lenge var tillagt Martin Luther. Han kan syngast til ei rekkje ulike melodiar. Den best kjende i USA er kjend som Mueller, og kom ut i ei songbok gjeven ut av James R. Murray, som truleg også var komponisten, i 1897. Den vanlegaste melodien i Storbritannia blei skriven av amerikanske William J. Kirkpatrick i 1895. Begge desse melodiane er brukte i norsk samanheng.

Dei første to versa av songen, utan melodi, blei gjevne ut i The Sailors' Magazine and Seamen's Friend sitt novembernummer i 1883.[1] Songen hadde tittelen Luther's Cradle Song, og blei hevda å vera skriven av Martin Luther for ungane hans.[2][1] Ein liknande artikkel kom ut i The Myrtle i mai 1884, med eit forslag om å synga versa til melodien til «Home! Sweet Home!».[3]

Songen kom ut under tittelen «Away in a Manger», saman med ein melodi, i søndagsskulesongboka Little Children's Book for Schools and Families (1885). Melodien var den såkalla «St. Kilda» som er tillagt J.E. Clark,[4]

Den norske versjonen av songen er skriven av Eyvind Skeie. Han er ei gjendikting av dei to første engelske versa med to nyskrivne vers lagt til.[5]

Samen kom med i Norsk salmebok frå 1985 som nummer 64, og blei nummer 56 i Norsk salmebok 2013.[6] Salmen kan brukast til jul[7] og til påske.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Luther's Cradle Song». The Sailor's Magazine and Seamen's Friend (New York: American Seamen's Friend Society) 55 (11): 351. November 1883. 
  2. «The following Hymn, composed by Martin Luther for his children, is still sung by many of the German mothers to their little ones»
  3. «Luther's Cradle Song». The Myrtle (Boston, MA: Universalist Publishing House). xxxiv (1): 6. May 3, 1884. 
  4. Evangelical Lutheran Church in North America (1885). Little Children's Book: for Schools and Families. Philadelphia: J. C. File. s. 140. 
  5. Einar Espeland, Kor kjem julesongane våre frå?, NRK.no 
  6. tekstboken.no
  7. nrk.no
  8. Helge Helgheim (13.02.2008), Sjusjøen fjellkirke