Axel Gudbrand Blytt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Axel Blytt}

Axel Gudbrand Blytt (fødd 1843 i Kristiania, død 1898 same stad) var ein norsk botanikar. Axel Blytt arbeidde som konservator Universitetet i Oslo frå 1865, som universitetsstipendiat i botanikk frå 1873 og som professor frå 1880.

Blytt var son av Matthias Numsen Blytt som òg var ein viktig botanikar. Faren byrja på arbeidet med Norges Flora, og sonen Axel fullførde det med bind 2 (1874) og bind 3 (1876). I dei siste leveåra sine arbeidde han på Haandbog i Norges Flora som kom ut posthumt, redigert av eleven Ove Dahl.

I dag er Axel Blytt mest kjent for ein teori frå 1876 som han kalla Forsøg til en Theorie om Indvandringen af Norges Flora under vexlende regnfulde og tørre Tider. I denne teorien fordeler han norske planter på seks grupper som han meinte vandra inn til Noreg under ulike klimaperiodar etter den siste istida. Mykje av denne teorien er seinare motbevist, men den danna grunnlaget for Rutger Sernander sin Blytt-Sernanders klimavekslingsteori. Charles Darwin las både far og sønn Blytt, og dei blei sjølve påverka av Darwin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]