Ayn Rand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ayn Rand

Verkeleg namn Alisa Zinovjevna Rozenbaum
Алиса Зиновьевна Розенбаум
Pseudonym Ayn Rand
Statsborgarskap Det russiske imperiet, Sovjetunionen, USA, Den russiske republikk, Sovjet-Russland, Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken, statslaus
Fødd 2. februar 1905
St. Petersburg
Død

6. mars 1982 (77 år)
Manhattan, New York by

Yrke skodespelforfattar, filosof, romanforfattar, manusforfattar, litteraturkritikar, essayist, journalist, science fiction-forfattar, skribent
Språk russisk
Sjanger objektivisme, dystopi
Medlem av American Writers Association, Motion Picture Alliance for the Preservation of American Ideals
Religion ateisme
Ektefelle Frank O'Connor
Signatur
Ayn Rand på Commons

Ayn Rand (2. februar 19056. mars 1982), fødd som Алиса Зиновьевна Розенбаум, Alisa Zinovjevna Rozenbaum, var ein russiskfødd amerikansk forfattar og filosof. Ho vert rekna som grunnleggjaren av den filosofiske retninga ho kalla objektivisme, som er i nær slektskap med libertarianismen og liberalismen. I tillegg til dei filosofiske arbeida har Ayn Rand skrive ei rad skjønnlitterære verk, mellom anna romanane The Fountainhead og Atlas Shrugged; bokmålsutgåvene av desse er Kildens utspring (1949) og De som beveger verden (2000).[1]

Rand var fødd i Petrograd (no St. Petersburg) i det dåverande tsarriket Russland. Ho voks opp i ein borgarleg apotekarfamilie. Ein nær ven var dottera til forfattaren Vladimir Nabokov. Etter Den russiske revolusjonen i 1917 mista faren apoteket, og familien flykta til Krimhalvøya for ei tid. Etter borgarkrigen flytta dei tilbake fødebyen, som no heitte Leningrad.[1]

Rand byrja som student ved universitetet i Leningrad i 1921. Ho tok ein grad i historie i 1924, og studerte deretter film ved ein nyoppretta statleg filmskule. I 1926 drog ho til New York med påskot om at ho ville vitja slektningar, men ho blei verande i landet livet ut. Rand busette seg i Los Angeles og arbeidde i Hollywood med ulike oppdrag som manusforfattar og statist. Ho møtte skodespelaren Frank O’Connor, som ho kom til å gifta seg med, på eit filmsett. Rand blei amerikansk statsborgar i 1931.[1]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

(norske omsettingar fyrst)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. 1,0 1,1 1,2 Skei, Hans H. (7. desember 2017). «Ayn Rand». Store norske leksikon. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Fornuft, egoisme, kapitalisme: essays om Ayn Rand (Kontekst forlag, 2003) av Vegard Martinsen.