Ayrshirefe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Prisvinnande ayrshireku.
Ayrshirefe på Saint Helena i 1910.

Ayrshirefe er ein kurase som stammar frå Ayrshire-distriktet i Skottland. Dei er kjend for gode mjølkeeigenskapar, samstundes som dei er hardføre. Rasen var tradisjonelt kjent som dunlopfe eller cunninghamfe. Han er blitt eksportert til alle delar av verda, mellom desse Noreg. Ayrshirefe er brukt til å avla fram fleire moderne rasar, mellom anna norsk raudt fe.

Dyra er raude og kvite på farge. Gjennomsnittsvekta er mellom 450 til 600 kilo. Dei kalvar lett og er langlivde.

Ayrshirefe i alsarbeid og eksport[endre | endre wikiteksten]

Ein har fleire gonger teke inn ayrshirefe i storfeal i andre land. Dyra blei gjerne sende med skip frå Cunninghamhead i Ayrshire, og var kjende som dunlopfe eller cunninghamfe. I dag finst ayrshirefe eller avleidde rasar over store delar av verda, mellom anna i sørlege Afrika, i Australia og på New Zealand. Det finst også ein del kyr i tropane, som på Sri Lanka og i Malaysia.

Norsk raudt fe oppstod på grunnlag av kryssing mellom lokale dyr og importerte ayrshirekyr. Dei tidligare rasane raudt trønderfe og målselvfe var også utvikla på grunnlag av importerte ayrshiredyr. Også finsk ayrshire og svensk röd och vit boskap stammar frå ayrshirefe.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]