Aztekiske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aztekiske språk
Tala i: Mexico og El Salvador
Område: Sentralamerika
Talarar: 1,5 millionar[1]
Skriftsystem: Det latinske alfabetet

Aztekiske språk eller nahuiske språk er ei undergruppe av dei uto-aztekiske språka. Desse språka skil seg frå resten av dei uto-aztekiske språka ved at dei gjekk gjennom Whorfs lov, der /t/ vart til /tɬ/ før /a/, men nokre av desse språka forandra /tɬ/ attende til /l/ eller til /t/. Ein reknar med at dei aztekiske språka skilde seg frå resten av dei uto-aztekiske språka rundt år 2000 f.Kr.

Variantane av nahuatl og pipil er dei einaste nolevande aztekiske språka. Pochutekisk, som døydde ut ein gang rundt midten av 1900-talet, tilhøyrde denne undergruppa; det same gjorde cora.

Den meksikanske regjeringa og dei lingvistiske basane Ethnologue og Glottolog ser på dei ulike variantane av nahuatl som distinkte språk, grunna dei store forskjellane som gjer det vanskeleg for talarane å forstå kvarandre, men nahuatl blir likevel ofte behandla som eitt språk.

Skilnader språka i mellom[endre | endre wikiteksten]

Skilnadane mellom språka er som oftast store, i mange tilfelle er dei så store at dei kan føra til vanskar med å kommunisera. Derfor er det mange forskjellige ISO-koder for språka. Likevel er det mange likskapar mellom språka.

Historisk forsking på aztekiske språk[endre | endre wikiteksten]

Lite forsking og arbeid har vorte gjort for dei aztekiske språka, men noko forsking har vorte gjort.

Lyle Campbell og Ronald W. Langacker gav ut ei bok i 1978 som fokuserte på rekonstruksjonen av vokalane i proto-aztekisk (eller proto-nahuisk).

Una Canger gav ut ei bok der ho utforska den historiske og grammatiske utviklinga av aztekiske verb, og korleis verb som sluttar på -oa eller -ia skil seg sterkt frå verb som sluttar på -owa og -iya historisk sett, sjølv om forskjellane ofte ikkje blir uttalte i moderne dialektar. Ho gjer òg greie for det historiske grunnlaget for dei fem verbklassane i dei aztekiske språka.

Moderne dialektar og klassifiseringa av dei[endre | endre wikiteksten]

Utbreiing av nahautl i Mexico, eit aztekisk språk.

Inntil det 20. hundreåret var nedskrivingar av aztekiske språk nesten fullstendig avgrensa til det skreva språket som vart brukt mellom 1540 og 1770, no kjent som klassisk nahuatl.

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Aust-vest skiljet[endre | endre wikiteksten]

Karen Dakin (2003:261) gjer framlegg om denne klassifiseringa av dei nahuiske dialektane. Inndelinga er basert på tidlegare publikasjonar, altså studiane hennar frå 2000:

  • Austleg nahuatl
    • La Huasteca
    • Guerrero Sentral
    • Sierra de Puebla
    • Tehuacán–Zongolica
    • Isthmus
    • Pipil
  • Vestleg nahuatl
    • Sentral nahuatl
    • Nahuatl i den vestlege utkanten
      • Colima-Durango
      • Nordlege delen av delstaten Mexico (som til dømes Almomoloa, Sultepec)
      • Jalisco–Nayarit
      • Nordlig Guerrero
      • Michoacán
      • Pochutekisk

Senter-utkant-skiljet[endre | endre wikiteksten]

Una Canger og Yolanda Lasta de Suarez har forslått eit anna type skilje mellom språka i den aztekiske språkgruppa, eit skilje mellom dialektane som blir snakka i Mexico City, og dei som blir snakka lengre unna store byar. Hypotesen er at dette skiljet oppstod under det aztekiske riket.

  • Den vestlege utkantdialekten
    • Vestkysten
    • Dialekten vest i delstaten Mexico
    • Durango–Nayarit
  • Den austlege utkantdialekten
    • Sierra de Puebla
    • Isthmus
    • Pipil
  • Huasteca
  • Senterdialekten
    • Kjerneområdet (brukt i og nær delstaten Mexico)
    • Puebla–Tlaxcala (brukt i området mellom delstatane Puebla og Tlaxcala)
    • Xochiltepec–Huatlatlauca (brukt sør for byen Puebla)
    • Søraustleg Puebla
    • Sentral Guerrero
    • Sørleg Guerrero


Kjelder[endre | endre wikiteksten]