Båtvraket Vaterland 1

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Båtvraket Vaterland 1 vart funne i 2011 ved Sweigaardsgate 8, utanfor Bussterminalen ved Vaterland i Oslo sentrum. Her var utløpet til Akerselva på 1500-talet. Båtrestane er dendrodatert til like etter år 1500. Det vart funne 3,8 meter av ein T-kjøl, med tre bordgangar på kvar side. Båten var for det meste bygd i eik, men annakvart botnband var av furu. Ein har funne at furubanda er yngre enn eikemateriala. Det ser ut som båte har vorte forsterka, og kanske oppborda noko etter han var nybygd. Den flatbotna båten har hatt kjølsvin, noko som viser at han kunne riggast med råsegl.

Vaterland 1 har vorte rekonstruert. Båten, som har fått namnet «Norild», tilhøyrer Oslo kommune og skal vere plassert i middelalderparken i Oslo. Han er 8 meter lang og 2,6 meter brei. Han er klinkbygd, og har eigenskapar som vi seinare har funne i austnorsk båtbyggetradisjon. Båten er kraftig og høvet mellom lengd og breidd er berre omlag 3:1.

Med den breie og grunne forma meiner ein at båten har vore ei fraktebåt som har vorte brukt under lasting og lossing av større skip.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]