Bæreia
Bæreia | |||
innsjø | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Kongsvinger | ||
![]() Bæreia |
Bæreia er ein 2 kvadratkilometer stor innsjø i Kongsvinger i Innlandet. Stranda er ofte nytta som badestrand på sommaren for norske og utanlandske turistar og vert mykje til pilking om vinteren. Bæreia er eit ope vatn, så det er høve for å køyre båt der.
Ved Bæreia vart det i 1959 oppretta ein krigsinvalidheim for veteranar frå den andre verdskrigen og partnarane deira. Den sjølvstendige stiftinga Krigsinvalidehjemmet Bæreia, oppretta av Krigsinvalideforbundet, stod for drifta. I 1999 starta FN-Veteranenes Landsforbund eit prøveprosjekt finansiert av Forsvarsdepartementet for å vurdere om den etter kvart ledige kapasiteten kunne nyttast til velferdstilbod for tidlegare soldatar frå utanlandsoppdrag[1]. Forsvarsdepartementet stoppa seinare finansieringa på bakgrunn av at helsevesenet var betre eigna til jobben med å følgje opp FN-veteranane. 1. januar 2005 overtok Landsforeningen for hjerte- og lungesyke senteret for ei krone. LHL ville framleis ta vare på krigsveteranane, men òg nytte senteret til annan verksemd[2]. I nyttårsforedraget sitt i januar 2008 kunne forsvarminister Anne-Grete Strøm-Erichsen fortelje at Forsvaret hadde kjøpt senteret tilbake som rekreasjonsstad for alle norske krigsveteranar[3].
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Bæreia» frå Wikipedia på bokmål, den 17. april 2008.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: