Anne-Grete Strøm-Erichsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anne-Grete Strøm-Erichsen
none
Fødd 21. oktober 1949 (66 år)
Bergen i Noreg
Parti Arbeiderpartiet
1. verv Forsvarsminister
 - periode 21. september 2012–16. oktober 2013
 - regjering Stoltenberg II
 - føregjengar Espen Barth Eide
2. verv Helse- og omsorgsminister
 - periode 20. oktober 2009–21. september 2012
 - regjering Stoltenberg II
3. verv Forsvarsminister
 - periode 17. oktober 2005–20. oktober 2009
 - regjering Stoltenberg II
4. verv Stortingsrepresentant
 - periode 2005–2013
5. verv Byrådsleiar i Bergen
 - periode 2000–2003
6. verv Ordførar i Bergen
 - periode 1999–2000

Anne-Grete Strøm-Erichsen (fødd 21. oktober 1949) er ein norsk arbeidarparti-politikar frå Bergen. Frå 2005 til 2009 og i 2012-2013 var ho forsvarsminister og frå 2009 til 2012 var ho helseminister i regjeringa Stoltenberg II. Strøm-Erichsen vart også innvald på Stortinget frå Hordaland i 2005 og attvald i 2009.

Strøm-Erichsen gjekk reallinja på Langhaugen gymnas mellom 1965 og 1968 og Danielsen skole frå 1968 til 1969. Deretter utdanna ho seg til EDB-ingeniør ved Høgskolen i Bergen frå 1970 til 1974 og tok South Dakota School of Mines & Technology i perioden 1980–1981.

Strøm-Erichsen var operatør ved EDB-avdelinga på Universitetet i Bergen frå 1974-1977, og deretter arbeidde ho som programmerar på Nordisk Institutt ved Universitetet i Bergen frå 1977 til 1984, før ho byrja som systemkonsulent og systemsjef i GPI AS i perioden 1984–1987 og som dagleg leiar i Talesystemer AS i perioden 1987–1988. Ho var seniorkonsulent i Siemens Nixdorf mellom 1988 og 1991 og seniorkonsulent i BDC AS frå 1991 til 1995.

Strøm-Erichsen har også vore varaordførar (1998–1999), ordførar (1999–2000) og byrådsleiar (2000–2003) i Bergen. Ho har i tillegg representert Bergen som president i Organization of World Heritage Cities.

Ho er gift med Arve Strøm-Erichsen, som arbeider i IT-bransjen, og dei har to ungar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]