Bøddel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moderne bødlar i arbeid: Ein dødsdømd vert festa til den elektriske stolen i fengselet Sing-Sing i USA for å avrettast.
Bøddelen i ferd med å avrette Léonora Galigaï (Léonora Dori) i Paris i 1617, skildra i eit stikk frå 1600-talet.
Ein bøddel i arbeid under hekseprosessane

Bøddel er ein person som har som yrke eller oppgåve å setje i verk dødsdommar, det vil seie å avretta dei som er dømde til dødsstraff.[1] Ofte var det òg bøddelen som skulle pine dei som skulle avhøyrast under tortur, eller dei som skulle torturerast i samband med avrettinga. Sjølv i vår tid kan det vere utvalde personar som har som fast oppgåve eller yrke å stå for avretting i land som framleis nyttar dødsstraff.

Skarprettar (frå lågtysk) er ein bøddel som nyttar øks eller sverd som reiskap.[2] Skarprettar var den offisielle norske nemninga for den som avliva folk som vart dømde etter straffelova til å døy.

Nemninga bøddel vert òg nytta i daglegtalen om ein særs brutal person.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bøddel i Nynorskordboka, arkivert frå originalen 7. mars 2016, henta 14. mai 2012 
  2. Skarprettar i Nynorskordboka, arkivert frå originalen 7. mars 2016, henta 14. mai 2012 
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.