Øks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei øks (norrønt øx) er ein reiskap som består av eit øksehovud i metall eller stein og eit skaft, som oftast laga i tre eller plastikk. Øksehovudet har som regel ein skarp egg i den eine enden, mens den andre enden er butt.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Ein kan bruka økser til å kløyva eller hogga sund ulike materiale, særleg tre. Sidan øksa gjev ein ekstra styrke og har ein skarp egg, vert ho også nytta som våpen og har i tidlegare tider vore viktig i krigar. Andre som nyttar ulike former for øks er brannmenn og klatrarar.

Symbol[endre | endre wikiteksten]

Økser kan symbolisera makt. I norsk samanheng har øks mellom anna blitt brukt i det norske riksvåpenet og dei tidlegare fylkesvåpena til Telemark, Hordaland og Sør-Trøndelag, i tillegg til Olavsmerket brukt av den norske kyrkja. Øksa i det norske riksvåpenet og Olavsmerket viser til våpenet som Olav den heilage brukte, eller til det som drap han ved slaget på Stiklestad.[1][2]

Øks blir også brukt, i form av ein fasces, som symbol på lov og orden. Dette finn ein til dømes i logoen til politiet i Noreg og Sverige, og det franske riksvåpenet.

Flintsteinøks frå steinalderen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øks er ein av dei eldste reiskapane menneske har brukt. Dei eldste øksene som er funne, såkalla handøkser utan skaft, er to millionar år gamle og blei brukte av Homo habilis. I Skandinavia finst økser i mellom anna flint mellom 8000–4000 f.Kr., og økser i kopar og bronse frå tidleg bronsealder frå om lag 2000 f.Kr.[3]

Økstypar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lars Løberg. «Riksløven - maktens symbol». Samlerhuset. Henta 5. februar 2023. 
  2. Hans Cappelen (22. september 2016). «Et symbol på statsmakt». Stortinget.no. Henta 5. februar 2023. 
  3. Rosvold, Knut A. (6. juli 2021). «øks». Store norske leksikon i snl.no. Henta 5. februar 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Øks
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.