Büyükçekmecesjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Büyükçekmecesjøen
innsjø
Innsjøen i bakgrunnen sett frå Gürpınar ved Marmarahavet
Land  Tyrkia
Provins provinsen İstanbul
Tilsig Karasudere
Nedslagsfelt 622 km²
Byar Büyükçekmece
Koordinatar 41°04′9″N 28°33′0″E / 41.06917°N 28.55000°E / 41.06917; 28.55000
Lengd km
Areal 28,47 km²
Volum 16 mill m³
Kart
Büyükçekmecesjøen
41°04′00″N 28°33′11″E / 41.0667°N 28.5531°E / 41.0667; 28.5531
Wikimedia Commons: Lake Büyükçekmece
[1]

Büyükçekmecesjøen (tyrkisk Büyükçekmece Gölü) er ein liman, danna der elva Karasudere renn ut i Marmarahavet. Han ligg sør for distriktet Çatalca vest for Istanbul i Tyrkia, og brukte å vere eit ferskvassreservoar.

Sandbanken ved innsjøen vart forsterka i 1988 av ei demning. Innsjøen har eit areal på 28,47 km². Han er 7 km lang, 2 km brei og er 8,6 meter på det djupaste. Innsjøen oppstod då avsetjingane frå Karasudere førte til at sandbanken vart danna. Det er mykje fisk i vatnet. Det går ei 635 meter lang bogebru over utløpet til innsjøen.[2]

Ved nordenden av innsjøen ligg Istanbul Hezarfen lufthamn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Büyükçekmece Barajı» (på tyrkisk). DSİ. Arkivert frå originalen 4. februar 2016. Henta 11. januar 2009. 
  2. «Büyükçekmece Hakkında Herşey» (på tyrkisk). Büyükçekmece Net. Arkivert frå originalen 17. mai 2008. Henta 14. august 2012.