Liman
Utsjånad



Ein liman er ein type innsjø som er danna ved munningen til ei elv blokkert av ein banke av sediment. Limanen kan vere maritim (banken er laga av elva som renn ut i sjøen) eller fluvial (banken er laga av ei større elv ved samanløpet).
Namnet vert brukt om denne type innsjøar langs den vestlege og nordlege kysten av Svartehavet, i tillegg til den lågare delen av Donau. Døme på limanar er Varnasjøen i Bulgaria, Razelmsjøen i Romania og Dnester liman i Ukraina.
Etymologi
[endre | endre wikiteksten]Ordet er eit låneord frå russisk лиман (liman), men opphavet kjem frå det mellomaldergreske λιμένας som tyder bukt eller hamn. Ordet vart spreidd av tyrkarane då dei okkuperte den vestlege og nordlege kysten av Svartehavet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
- Denne artikkelen bygger på «Liman (landform)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. februar 2007.