BMP-1

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
BMP-1

BMP-1 (russisk:Боевая Машина Пехоты-1 - Боевая Машина Пехоты-1) er ei sovjetisk stormpanservogn. Den vart først introdusert tidleg i 1960-åra, og produsert av Kurganmasjzavod. Den vart erstatta i 1980-åra med ein oppgradert versjon BMP-2.[1]

Då BMP-1 vart oppdaga av vestlege militære i november 1967 var den verda si første stormpanservogn. Det skråstilte panseret kunne motstå 12,7 mm ammunisjon frå tunge mitraljøser. Med den glattbora kanona og AT-3 Sagger-raketten var ein alvorleg trussel mot NATO sine pansra personellkøyretøy og stridsvogner.

Variantar[endre | endre wikiteksten]

BMP-1
Originalversjonen med 73 mm glattbora kanon
BRM-1 eller BMP-R
Oppklaringsversjon med bakkeradar
BRM-1K
Kommandovogn for oppklaringsstyrkar
BMP KShM
Kommandovogn
BMP-1P
Panserjager med AT-4 Spigot missil
BMP-1PK
Kommandovogn-variant av BMP-1P


Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. https://www.armyrecognition.com/russia_russian_army_light_armoured_vehicle_uk/bmp-1_armoured_infantry_fighting_vehicle_technical_data_sheet_specifications_pictures_video.html