Stormpanservogn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Ein amerikansk M2 Bradley i Irak

Ei stormpanservogn er eit beltegående militært køyretøy berekna for å transportera og gje støytte til infanteri i kamp.

Ei stormpanservogn liknar eit pansra personellkøyretøy (PPK), som er berekna berre på å transportera infanteriet. Stormpanservogna har tyngre væpning for å gje støtteeld under kamp, ofte skyteskår slik at infanteristane kan bruka sina handvåpen frå inne i vognen og ofte tyngre pansring.

Ei typisk stormpanservogn har plass til rundt åtte infanteristar, den har eit tårn på toppen med ein 20–30 mm maskinkanon og nokre gonger panservernsmissil.

Det norske forsvaret sin første stormpanservogn var NM135, som er ei M113 med tårn med ei 20 mm maskinkanon. Desse vart bygd om tidleg på 1980-talet, og seinare bytt ut med Hägglunds CV9030N.

Historie[endre | endre wikiteksten]

BMP-1 stormpansarvogn

Sovjetiske pansra personellkøyretøy var allereie berekna på å delta i kamp saman med infanteristyrker. Til dømes hadde BTR-60, lansert i 1961, allereie skyteskår. Samstundes hadde alle vestlege pansra personellkøyretøy ei meir audmjuk rolle. Korkje amerikanske M113, britiske Saracen eller FV432 Trojan hadde rolle som innebar at dei skulle slåst saman med stridsvogner og infanteri.

Sovjetunionen viste verda si første stormpanservogn, BMP-1, på ein parade i 1967. BMP-1 hadde ein 73 mm glattbora kanon og skrånande panser som verna mot NATOs sine 12,7 mm tunge mitraljøsar og panservernrakettar som var ein trussel sjølv mot stridsvogner.

Den amerikanske hæren hadde på dette tidspunktet så vidt byrja å utvikla stormpanservogner sjølv. Vegen frå den første prototypen, kalla MICV-65, fram til den første vognen av type M2 Bradley var likevel lang og hard. Ikkje før i 1981 kom Bradley i teneste. Allereie året etter vart den oppdaterte sovjetiske BMP-2 vist på ein militærparade.

I mellomtida hadde andre land òg utvikla sina tolkingar av konseptet. Vesttyske Marder kom på 1960-talet og var meir påkosta enn BMP-1 og gav godt vern for mannskapet. Marder var òg svært mobil, slik at den kunne operera saman med den nye, vesttyske stridsvogna Leopard 2. I 1973 kom den franske AMX-10P i teneste. Den hadde komplett vern mot Abc-våpen og plass til eit fullt utstyrt, ni-mann infanterilag. Vogna var bestykka med ei 20 mm maskinkanon som hadde to matemekanismar slik at ammunisjonstypen raskt kunne bytast og verta tilpassa ulike mål.

På 1980-talet gjekk taktisk doktrine i Nato gjennom fleire endringar. I 1982 kom Air-Land Battle (ALB) og i 1984 kom Follow-on-Force sin Attack (FOFA), to doktrinar som gjekk bort frå tidlegare doktrine om relativt statisk forsvar. Utviklinga av stormpanservognene var like i framkant av denne doktrinen, og dei to konsepta passa naturleg saman. No skulle ikkje infanteriet traska etter stridsvognene lengjer, men utstyrast så dei kunne følgja med i tunge panserkilar inn i linjene til fienden, ta opp kampen med stridsvognene til fienden og ha eldstøtte frå sina eigne køyretøy.

Den britiske hæren kom ganske seint med ein stormpanservogn. På 1980-talet munna MCV-80-programmet ut i FV 510 Warrior, som hadde god mobilitet og var laga for å romma eit fullt, britisk infanterilag på åtte mann. Warrior har ikkje høve for å nedkjempa stridsvogner, då ein 30 mm maskinkanon og ein 7,62 mm mitraljøse er einaste bevæpning.

Teknisk[endre | endre wikiteksten]

Mannskapet på ein M2 Bradley: Vognføreren sit nærast kamera, under tårnet; skyttaren til høgre og vognkommandøren til venstre i tårna.
Rampen bak på eit fransk AMX-10P

Ein stormpanservogn har som regel eit mannskap på tre. Vognføreren sit framme i skroget. Vognkommandøren og skyttaren sit i tårnet. Infanteristane er rundt åtte mann og sit stua inn i eit rom bak. Som oftast er det lukar for mannskapet oppå køyretøyet, og store dører eller ei rampe bak for infanteriet.

Dei som utviklar køyretøyet har som regel freista å gje det ein pansring som står i tilhøve til bevæpninga. Stormpanservognar er ikkje så tungt pansra som stridsvogner; det ville gjera dei upraktisk tunge og dyre. Dei fleste pansarvernsvåpen er i stand til å slå ut ei stormpanservogn, lenge etter at dei har vorte umoderne mot stridsvogner. Stormpansarvognar brukar sjeldan reaktivt panser, altså sprengladningar som vert detonert ut mot innkommande prosjektil, fordi dei ofte har infanteriet i nærleiken på utsiden av vogna.

Bevæpningen er som regel ein 20 eller 30 mm maskinkanon med skottakt opp til eit par hundre skot i minuttet. Ofte er det ein mitraljøse montert parallelt med hovudskytset. For sjølvforsvar kan ofte vogna skyta ut røykgranatar for å få skjul.

Motoren er ofte ein dieselmotor på mellom 300 og 600 hestekrefter. Den er montert framme i skroget, då ein er avhengig av å ha ei dør eller rampe bak for infanteriet.

Stormpanservogna i aksjon[endre | endre wikiteksten]

BMP-1 fekk sin debut i kamp i 1973, då den syriske hæren gjekk til angrep på Golanhøyden, og resultatet var ein katastrofe. I etterkant av slaget stod hundrevis av utbrente BMP-vogner igjen på slagmarka. Ein kombinasjon av lite fleksibel syrisk taktikk og relativt tynt pansra BMP-1-vogner, gjorde at det israelske forsvaret gjorde eit solid innhogg hjå åtakarane.

Stormpanservognar hadde ofte skyteskår for infanteriet. I teorien skulle då infanteristane opphalda seg i køyretøyet så lenge som mogleg, og kjempa mot fienden frå skyteskårane. I praksis vart detta sjeldan brukt, og røynsler blant anna i krigane i Midtausten viste at stormpansarvogner var attraktive mål for panservernsvåpenet til fienden. Frå 1970-talet og utover kom det færre og færre skyteskår i vognene. Oppdateringar av M2 Bradley tok til dømes bort fleire skyteskår.

Kontroversane rundt bruk av stormpansarvogner gjekk opphavleg på to ting: Det eine var om infanteriet var mest effektivt inne i vogna, medan dei brukte skyteskårene til å kjempa mot fienden, eller om dei var meir effektive i terrenget rundt vogna. Det andre gjekk på om stormpanservognene skulle jobba i tett inngrep med stridsvognene, eller om dei skulle halda seg liten tilbake. Det første spørsmålet verkar å løysast til ein viss grad i dag; infanteri stig som regel av vogna tidleg i kampen. Det andre spørsmålet er framleis ikkje svart på. Til dømes bygde britane Warrior utan panservernsmissil slik at den ikkje er i stand til å ta opp kampen mot tyngre fiendtlig panser på eiga hand.

Stormpanservogner etter lanseringsår[endre | endre wikiteksten]

Stormpanservogner etter lanseringsår
Vogntype År i teneste Opphavsland Hovedbestykning Panservernsmissil
BMP-1 Tidleg 1960-tal Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 73 mm kanon AT-3 Sagger
Pbv-302 1966 Flag of Sweden.svg Sverige 20 mm maskinkanon X
BMD-1 1969 Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 73 mm kanon AT-3 Sagger
Marder 1970 Flag of Germany.svg Tyskland 20 mm maskinkanon MILAN
AMX-10P 1973 Flag of France.svg Frankrike 20 mm maskinkanon MILAN eller HOT
FMC AFV 1975 Flag of the United States.svg USA - -
NM135 1980 Flag of Norway.svg Norge 20 mm maskinkanon X
M2 Bradley 1981 Flag of the United States.svg USA 30 mm maskinkanon TOW
BMP-2 1982 Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 30 mm maskinkanon AT-4 Spandrel/AT-5 Spigot
FV 510 Warrior Tidleg 1980-tal Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia 30 mm maskinkanon X
BVP M80A 1984 Flag of SFR Yugoslavia.svg Jugoslavia - -
M-80 1985 Flag of SFR Yugoslavia.svg Jugoslavia - -
BMP-3 1990 Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 100 mm kanon AT-10 Stabbar
Stridsfordon 9040 Etter 1993 Flag of Sweden.svg Sverige 40 mm maskinkanon X

Kjelder[endre | endre wikiteksten]