BRDM-2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
BRDM-2
BRDM-2M

BRDM-2 (russisk Боевая Разведывательная Дозорная Машина, Bojevaja Razvedyvatelnaja Dosornaja Maschina, ordrett «rekognoserings-/patruljekampkøyretøy») er eit pansra oppklaringskjøretøy frå Sovjetunionen. Det er framleis i bruk i Russland og minst 45 andre land. Det er etterfølgjaren til BRDM-1, og var tenkt å ha betre amfibiske eigenskapar og væpning. BRDM-2 har ein vannjet for framdrift i vatnet. BRDM-2 vert driven av ein bakmontert motor på 140 hk, som òg er kraftkjelda til vassjeten.

Mannskapet på fire består av vognførar, kartlesar, vognkommandør og skyttar. Væpninga er den same 14,5 mm mitraljøse som på BTR-60 pansra personellkøyretøy, med ei 7,62 mm mitraljøse som sekundærvåpen. Pansringa vernar mot handvåpen og artillerisplintar.

Teknisk[endre | endre wikiteksten]

Køyretøyet har to ekstra par nedsenkbare hjul under buken, og eit sentralstyrt reguleringssystem for lufttrykket i dekka. Det har òg ein enkel vassjet for framdrift i vatn. I tilhøve til BRDM-1 så er denne større og meir firkanta. Mannskapet sit lenger framover i skroget, og motoren er montert bak. Den enklaste modellen har eit lite tårn montert midt på køyretøyet. Det er to lukar framme. Begge lukene har periskop. Motoren er noko større enn BRDM-1. Køyretøyet har ein infraraud lyskaster og køyrelys, og dessutan eit ABC-vernsystem.[1].

Variantar[endre | endre wikiteksten]

Som BRDM har BRDM-2 fleire variantar. Dei første fire har same rollar som BRDM-1-variantane.

BRDM-2
Den enklaste varianten, berekna for oppklaring. Den har òg eit navigasjonssystem som mannskapet kan lesa av kartkoordinatar på.
BRDM-2M
Modernisert variant med sterkare motor - 136 hestkrefter.
BRDM-2RKhb
Oppklaringskjøretøy for atom- og biologiske truslar. Det har ein dispenser for å setja ut varselflagg rundt farlege område. Det har berre ein 7,62 mm mitraljøse som bevæpning.
BRDM-2U
Kommandovogn, og har ikkje tårn. Den er utstyrt med eit aggregat og ekstra radioar. Den har vore brukt i bataljonshovedkvarter og regimentshovudkvarter og artilleriavdelingar.
9P122 BRDM-2
Panservernsvariant utstyrt med 1x 9K11 Malutka (AT-3) panservernmissillsystem.
9P133 BRDM-2
Panservernsvariant tilsvarande 9P122 med oppgradert Malutka panservernmissillsystem.
9P148 BRDM-2
Panservernsvariant som kan nytta både 9M111 Fagot (AT-4 Spiral) og 9M113 Konkurs (AT-5 Spandrel).

Andre køyretøy på same chassis[endre | endre wikiteksten]

SA-9 Gaskin
Luftvernskøyretøy brukar drivverket frå BRDM-2.

Merknader[endre | endre wikiteksten]

BRDM-2 er ganske lik det ungarske oppklaringskøyretøyet OT-65 og det pansra personellkøyretøyet FUG-70, som har bakmonterte motorar, men doble vassjetar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ВОСЬМОЙ КОРПУС — Боевая разведывательно-дозорная машина БРДМ-2, arkivert frå originalen 16. oktober 2014, henta 19. mars 2017 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]