BTR-70

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

BTR-70 (russisk БТР-70) er eit sovjetisk pansra personellkøyretøy. Det har åtte hjul og eit lite, konisk tårn føre på vogna. Mellom andre og tredje settet med hjul er det litt større mellomrom, og der sit ei dør.

BTR-70 er ei vidareutvikling av BTR-60. Det vart først vist offentleg på ein militærparade i Moskva i 1980. Hovudskilnadene til føregjengaren er at BTR-70 har kraftigare motorar, betre utsyn innanfrå og luke på sida av kjøretøyet for infanteripersonell.

BTR-70 vart utvikla ved designbyrået Dedkov i Gorkij-Arzamaz under namnet Obiekt 60. Det kom i produksjon i 1972. Sjølv om produsenten vanlegvis vert oppgjeve til å vera bilfabrikken Gorkij, så vart produksjonen av denne og etterfølgjande BTR-80 gjort på nabofabrikken Arzamas.[1]

Variantar[endre | endre wikiteksten]

BTR-70MS
Ei kommandovogn utan tårn.
BTR-70ShM
Kovogn/stabskjøretøy.
BREM
Bergningsvogn utan tårn, men med kran.
BTR-70Kh
For ABC-vern.

Nokre BTR-70 har vorte påmontert tårnet frå den seinare BTR-80. Romania har lisensprodusert BTR-70 som TAB-77.

SPR-2 Rtut-B (stantsiya pomekh radiovzryvatelyam)
Elektronisk krigføringvariant egna til å detonere artillerigranatar med nærleiksbrannrøyr før dei kjem i nærleiken av målet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jane's Armour and artillery 1997-98, ISBN 0-7106-1542-6

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]