Babaco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Babaco
Babaco.jpg
Systematikk
Slekt: Babaco Vasconcellea
Badillo, 1971

Babaco (Vasconcellea × heilbornii; syn. Carica pentagona) er ei frukt i papayafamilien. Planten er ein hybrid-kultivar i slekta Vasconcellea. Hybriden blei danna i Ecuador som ei kryssing mellom fjellpapaya (Vasconcellea cundinamarcensis) og toronche (Vasconcellea stipulata).

Babacoplanten blir 5–8 m høg. Han dannar eit lite, urteaktig tre med få eller ingen greiner. Ein plante produserer 30–60 frukter årleg, og lever i gjennomsnitt i åtte år.

Babaco toler kulde betre enn andre plantar i slekta Vasconcellea og den tropiske papayaplanten. Han kan dyrkast opptil 2000 moh., i kjølige subtropiske område og tilmed i kjøligare strøk. Han kan også dyrkast i drivhus med ein minimumstemperatur på 10 °C om natta og 12 °C om dagen.

Ein har klart å dyrka planten så langt sør som i New Zealand og så langd nord som i California, delar av England og Kanaløyane og tildels i Italia (hovudsakleg Sicilia og Calabria).

Frukta er avlang, spiss og femkanta. Ho kan bli opptil to kilo. Fargen er først grøn, og går gradvis over til å bli gul, som er den mogne fargen. Ho har kvitt, mjukt og saftig fruktkjøt og ingen frø. Babaco kan etast naturell med skal, til dømes i ein fruktsalat, pressa til jus eller mosa til smoothie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]