Babur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Babur
Babur.2.jpg
Fødd 14. februar 1483
Andizjan
Død

26. desember 1530 (47 år)
Agra

Yrke lyrikar, sjølvbiograf, monark, skribent
Babur på Commons

Zahir-ud-din Mohammad Babur (14. februar 148326. desember 1530), kjend som Babur, var ein sentralasiatisk herskar av Fergana som erobra store område og grunnla det indiske Mogulriket.

Etter slaget ved Panipat i 1526 og sigeren over Rana Sangram Singh av Mewar året etter, herska han over eit rike som strekte seg frå Oxus til Bengal.

Babur skreiv memoara sine på tsjagatai-tyrkisk. Han skreiv også poesi både på tyrkisk og persisk, og etterlét seg ei lærebok i metrikk og retorikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]