Hopp til innhald

Mogulriket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sørasiatisk historie

Mohenjo-daroJinnah og GandhiAkash-missil

Steinalder70 000–3300 f.Kr.
Mehrgarhkulturen• 7000–3300 f.Kr.
Induskulturen3300–1700 f.Kr.
Sein harappakultur1700–1300 f.Kr.
Vedisk tid1500–500 f.Kr.
Jernalder1200–300 f.Kr.
Mahadjanapada• 700–300 f.Kr.
Magadhariket• 545–320 f.Kr.
Mauryariket• 321–184 f.Kr.
Mellomrika230 f.Kr.–1279
Satavahanariket• 230 f.Kr.–199 e.Kr.
Kusjanriket• 60–240
Guptariket•280–550
Palariket• 750–1174
Tsjolariket• 848–1070
Muslimske rike1206–1596
Delhi-sultanatet• 1206–1526
Dekkan-sultanat• 1490–1596
Hoysalariket1040–1346
Kakatiyariket1083–1323
Vidjayanagarariket1336–1565
Marathariket1674–1818
Mughalriket1526–1707
Sikh-samveldet1716–1849
Britisk India1858–1947
Delinga1947 og vidare
Mogulriket på det største, med dei første europeiske koloniane avmerkte.

Mogulriket (engelsk Mughal Empire) var eit muslimsk dynasti som regjerte store delar av det indiske subkontinentet frå 1526 til 1857. Stormogulen Babur var den første herskaren (kalla mughalkeisar eller stormogul). Han kom frå nord, og erobra dei nordvestlege områda. Etterfylgjarane hans, mellom andre Akbar den store, utvida seinare riket til nesten heile den indiske halvøya. Den siste stormogulen, Bahadur Shah, vart avsett av britane.