Bachelor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bachelor (norsk eigenleg baccalaureus) er ei universitetsgrad som blir delt ut etter den første syklusen med høgare utdanning i mange land, først og fremst i dei engelsktalande landa. Som eit resultat av Bologna-prosessen har fleire, ikkje-engelsk-talande land, også Noreg, tatt i bruk den engelske tittelen «bachelor» for den første delen av ei høgare utdanning. I Noreg vart grada bachelor innført i 2003 og blir tildelt etter tre år med studiar tilsvarande 180 studiepoeng. Dette er ofte også ei grad som gjer studentane klare til arbeidslivet.

Bachelor er den engelske skrivemåten for den tradisjonsrike grada baccalaureus, ei lågare grad brukt ved europeiske universitet sidan mellomalderen. Grada eksisterte ved Københavns Universitet, som då var det einaste universitetet i Danmark-Noreg, frå 1479 til 1775, og vart i hovudsak brukt ved det filosofiske fakultetet. I samband med at grada vart innført att i 2003 gjekk eit mindretal i Språkrådet inn for å bruke det latinske namnet baccalaureus (med hokjønnsforma baccalaurea) i staden for den engelske skrivemåten. Språkrådet sitt fleirtal foreslo namnet «kandidat», men regjeringa valde å ikkje ta innstillinga frå Språkrådet til følgje.[1]

EU[endre | endre wikiteksten]

Innanfor EU-systemet (Bologna-prosessen) seier ein gjerne at bachelorgrada er første syklus på universitetsnivå.

Ei fullført bachelorgrad er normalt eit opptakskrav til mastergradsstudiar (andre syklus). På mastergrada kan ein bygge på vidare med ei doktorgrad (tredje syklus), som er toppen av utdanningshierarkiet i Noreg.

USA[endre | endre wikiteksten]

Bachelorgrada er i USA, Canada, og Skottland ei fireårig universitetsgrad, medan i England, Wales og andre engelskspråklege land er den treårig eller blir gitt som ei fireårig grad med tillegget «honours» (hon.) Ei «honours degree» er der ein føresetnad for å gå vidare med studiar på høgare nivå. Treårige bachelorgrader frå f.eks. India kan vere vanskelege å få godkjende som tilstrekkeleg grunnlag for studiar på høgare nivå i desse landa. Det er heller ikkje gitt at den treårige bachelorgrada frå Europa blir godkjend som eit likeverdig grunnlag med dei fireårige bachelorgradene ved søknad til studiar på høgare nivå, men dette begynner å bli meir vanleg.

Det kan vere forskjellar i utdanningssystema i ulike land, både i forhold til intensivitet og kva krav som blir stilt til breidde og djupnekunnskapar for eksamen i dei ulike skuleslaga. Ein bør difor vere varsam med å samanlikne grader mellom land berre baset på namnet på grada.

Døme på bachelorutdanningar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]