Bade Fateh Ali Khan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bade Fateh Ali Khan
استاد بڑے فتح علی خان
Fødd1935
Død4. januar 2017
FødenamnFateh Ali Khan
OpphavPakistan, Britisk India
SjangerKlassisk indisk musikk
Instrumentvokal
Verka somsongar
PrisarPride of Performance

Bade Fateh Ali Khan (19354. januar 2017) var ein pakistansk hindustanisongar. Han var ein av dei fremste khayalsongarane i Pakistan, og ein leiande eksponent for patiala gharana-stilen. Khan var det yngre medlemmet i sangduoen Amanat Ali-Fateh Ali, som hadde stor suksess i Pakistan og India fram til Amanat Ali Khan døydde i 1974.[1] Khan er blitt kjend som «Bade», 'den eldre', for å skilja han frå yngre musikarar med liknande namn.

Khan spelte mellom anna saman med saksofonisten Jan Garbarek og songaren Deepika Thathaal på albumet Ragas and Sagas. Han underviste i hindustanimusikk, mellom anna ved Pakistan National Council of Arts (PNCA) i Islamabad.[2] Nokre av elevane hans var sonen til Ustad Amanat Ali Khan, Shafqat Amanat Ali, afghanske Ahmad Wali og norske Deepika Thathaal (Deeya).

Fateh Ali Khan blei fødd i landsbyen Shamchaurasi i Hoshiarpur i Britisk India.[3] Han og den eldre broren Amanat Ali blei opplærte av faren, Akhtar Hussain Khan, som var ein omtykt songar støtta av fyrstestaten Patiala. Bestefaren deira Ali Baksh Jarnail hadde tent ved det same hoffet. Patiala gharana-skulen blei grunnlagd rundt midten eller slutten av 1800-talet av oldefaren hans Mian Kallu, som blei opplært av hoffmusikaren til den siste stormogulen Bahadur Shah Zafar, Mir Qutub Bakhsh Tanrus Khan, frå Delhi gharana-skulen.[3]

Syskenparet hadde ein akta debut i Lahore i 1945, støtta av den innverknadsrike musikkjennaren Pandit Jeevanlal Mattoo. Ved delinga av Britisk India flytta den muslimske familien til det nyoppretta Pakistan. Duøn hadde eit gjennombrot ved All-Bengal Music Conference i Calcutta i 1949, då Amanat Ali var 27 og Fateh Ali var 14. I 1969 blei dei tildelt Pride of Performance-medaljen av den pakistanske presidenten.

Døden til Amanat Ali i 1974 gav Fateh Ali ein kraftig knekk. Etter halvanna år i djup sorg tok han ei stilling ved Radio Pakistan. Han blei oppfordra til å opptre att, men kunne først ikkje synga utan å bryta ut i gråt. Etterkvart klarte han å synga duettar med den yngre broren sin Hamid Ali Khan, og med sønene til Amanat Ali, Asad Amanat Ali Khan (1952–2007) og Amjad Amanat Ali Khan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «No ceremony to remember legendary singer Amanat Ali». The Nation (engelsk). Henta 21. oktober 2017. 
  2. «Bade Fateh Ali Khan a living legend», Dawn, 14. november 2010 
  3. 3,0 3,1 «Ustads Amanat Ali Khan and Fateh Ali Khan», The Friday Times, henta 30.mai 2014