Badi Batchelor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Badi Batchelor
Fødenamn Karen-Sofie Kristiansen
Nasjonalitet Noreg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1941
Stokmarknes
Bustad Son
Utdanning Statens håndverks- og kunstindustriskole
Yrke Motedesignar, tekstilkunstnar

Badi Batchelor (fødd Karen-Sofie Kristiansen i 1941) er ein norsk moteteiknar og tekstilkunstnar frå Stokmarknes i Nordland.[1][2] Ho vart kjend på 70- og 80-talet for å kombinere tradisjonelle husflidteknikkar med det aktuelle moteuttrykket i tida. Batchelor har skapt og bidratt til fleire verk som er på utstilling i blant anna Tekstilindustrimuseet og Nasjonalmuseet.[3][4] Ho held til og er næringsdrivande i Son i Vestby kommune i Akershus.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Batchelor har utdanning frå Statens håndverks- og kunstindustriskole.[5] Som moteteiknar har Batchelor særleg markert gjennom samarbeidet sitt med tekstildesignaren Kristi Skintveit frå og med 1967. Batchelor og Skintveit var i denne perioden tilslutta vevestova til Brukskunstorganisasjonen PLUS i Gamlebyen i Fredrikstad. På bakgrunn av blant anna ein kolleksjon av modellar som Skintveit utvikla i samarbeid med Batchelor, vann ho Lunningprisen i 1967.[6][7] I denne perioden bidrog tekstilkunstnarane hjå PLUS til at Fredrikstad stod sentralt i norsk moteverd.[8] I 1968 opna Batchelor verkstad og butikk i lokala til PLUS saman med Kirsti Skintveit. Etter ei rettsleg konflikt om leigekontrakt og andre interne stridar i organisasjonen forlet dei PLUS i 1969 og etablerte seg i nye lokale i Spinnerigården i Son.[8][9][1] Her etablerte fleire brukskunstnarar frå PLUS og andre stader seg, og bruke bygget som arbeidslokale og bustad.[10][11]

Frå 1969 fram til 1990-talet dreiv Batchelor strikkeverkstad i Spinnerigården ilag med ektemannen Michael. Her vart det produsert strikka kjolar, jakker og andre tekstilvarer. Denne produksjonen vart landskjend for sitt særpreg, og var til sals hjå forhandlarar i heile Noreg og i utlandet.[1][10][12] Batchelor-paret fekk i 1978 Fortidsminneforeningen sin pris for restaureringsarbeidet sitt i Spinnerigården. Etter at ekteparet selde Spinnerigården, tok dei over Woldegården i Son.[1] Batchelor dreiv butikk i Drøbak fram til 2004, og har sidan flytta verksemda si tilbake til Son.[13]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Son leksikon. Son: Vestby historielag. 2002. s. 19, 353, 410. ISBN 8299165555. 
  2. Magasinet for alle. Oslo. 1967. s. 6, 46. 
  3. «Batchelor, Badi», digitaltmuseum.org, henta 26. oktober 2021 
  4. «Badi Batchelor, Klesdesigner», Nasjonalmuseet (på norsk bokmål), henta 26. oktober 2021 
  5. Solstad, Martin (05.12.2007). «Kunstsuksess i Binggården». Fredriksstad Blad. 
  6. Alfsen, Glenny (20. februar 2017). «Kristi Skintveit». Norsk kunstnerleksikon (på norsk bokmål). 
  7. Skjerven, Astrid (2001). Goodwill for Scandinavian Design: Lunningprisen 1951-70. Det historisk-filosofiske fakultet, Universitetet i Oslo. s. 245. 
  8. 8,0 8,1 Et PLUS i norsk designhistorie: Brukskunstorganisasjonen PLUS 1958-1978. Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. 2008. s. 18, 101-104. ISBN 9788281540323. 
  9. Boman, Per (2017). Per Tannum: Fra askeladd til ridder. s. 167, 185-187. ISBN 9788230335147. 
  10. 10,0 10,1 Aktuell. Oslo: Ukebladet aktuell. 1971. s. 19-21. 
  11. «A-Magasinet 1969.05.24». Norge; Oslo. 1969. s. 16-17. 
  12. Eklund, Terje (08.05.1973). «Strikkemoter for hele verden fra Son». Verdens Gang. 
  13. «Føler seg presset til å stenge». Akershus Amtstidende (Norge, Viken, Frogn). 12.01.2004. s. 8-9.