Bakke-til-luft-missil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eit amerikansk Stinger bakke-til-luft-missil

Eit bakke-til-luft-missil (engelsk surface-to-air missile, SAM) er eit styrt bakke- eller sjøbasert rakettvåpen berekna på å slå ut fly, helikopter og kryssarmissil. Det vert òg kalla luftvernmissil

Bakke-til-luft-missil finst i mange variantar og størrelsar. Dei er helst stasjonære eller mobile missil, montert på køyretøy, eller mobile avfyringsrampar (til dømes norske NASAMS). Dei minste luftvernmissila kan berast av ein person og skytast ut frå skuldra (til dømes russiske 9K38 Igla).

Missila nyttar seg av søkeutstyr for å skyte ned fiendtlege mål. Det finst mange sortar søkjeutstyr, mellom anna kan det vere ein infraraud søkjar montert i missilet som låser seg på varmekjelda til målet. Missilet kan også bruke radar, anten eigen radar i missilhovudet, bakkeradar som sender signal til missilet om kvar målet er, eller missilet kan vera styrt av ein person som peikar på målet med laser.