Bakkejekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bakkejekta 2008

Bakkejekta er ein tru kopi av ei jekt frå Holmedal i Sunnfjord i Vestland fylke. Jekta er 9,0 meter lang, vel 3 meter brei og er av dei minste føringsbåtane som vart kalla jekt. Ein går ut frå at ho vart bygd av Sjur Vindheim som døydde i 1769. Den gamle jekta som i dag står på Kystmuseet i Sogn og Fjordane høyrde til dei tre Bakkegardane i Holmedal. Ho vart brukt til å føre vare til og frå gardane; Kjøt og fisk til Bergen, sauer og kyr på beite, og ved og materialar til bruk på gardane. Det vart og transportert varer mellom kysten og fjordbygdene.

Den gamle jekta er av furu. Stamnen er av bjørk. Det er ikkje brukt saga bord. Bordgangane er er forma ved hjelp av øks. Nyejekta er bygd på same måten. Bygginga starta i 2004. Båtbyggarar frå heile landet deltok i bygginga. Seglet vart sauma under eit seglmakarkurs. Det er eit symetrisk råsegl som smalnar opp.

Kopien blei sjøsett St. Hans 2006.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ove Losnegård: ...å hogge ei jekt.... Bakkejekt. KYSTEN nr. 3 - 2005

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]