Jekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jekte under segl (i framgrunnen). I tillegg til skumfarseglet er det toppsegl og tre bonettar.
«Brødrene» er ei rekonstruert nordlandsjekt. I tilegg til skumfarseglet er det fire bonettar, men ikkje toppsegl.

Ei jekt er ei lita seglskute, med berre ei mast, med råsegl. Over råseglet kunne jekta føra eit rå-toppsegl. Lengda kunne vera 15-25 m og breidda meir enn 1/3 av lengda[1]. Etter storleiken reknar Godal[1] jektene til ein mellomting mellom båt og skip. Dei eldre jektene var klinkbygde, men utpå 1800-talet vart det òg vanleg med kravellbygging[2]. Jektene hadde halvdekk fram (plitten) og akter, med eit ope lasterom i midten rundt masta[2]. Jektene spela ei viktig rolle for fraktefarten langs norskekysten fram til dampskipa tok over rundt 1880.

Utviklinga av jekta[endre | endre wikiteksten]

Jektemåleri av ukjend kunstnar frå 1700-talet. Jekta fører Dannebrog, ettersom Noreg var i union med Danmark på 1700-talet.

Ein veit ikkje når dei fyrste jektene vart bygde, men likskapen med vikingskipa, spesielt knarren, tyder på at dei vart utvikla i Noreg. Akkurat som knarren hadde jektene halvdekk fram og akter, med eit ope lasterom i midten rundt masta[2]. Til skilnad frå vikingskipa (knarren og byrdingen), som hadde styreåre på sida, hadde jektene roret på ein flat akterspegel. I Båsmyr nord for Sandefjord er det funne ein halv meter lang leikebåt frå 1200-1300-talet med rett akterstamn[2]. Så overgangen til ror på akterstamnen skjedde truleg i mellomalderen. Men ein treng ikkje akterspegel for å plassera roret på akterstamnen, så grunnen til at jektene hadde akterspegel kan ha samanheng med at det gav betre rom i vengen (overbygget/kahytta bak). Dette veit ein likevel ikkje sikkert.

I Sverres saga[3] blir det fortalt om at kong Sverre Sigurdsson i 1177 møtte vågaflåten på 50 byrdingar ved Raudabjorg. Skipa var lasta med tørrfisk frå Vaagar i Lofoten på tur til Nidaros. Dette tyder på at handelsruta mellom Hålogaland og Trøndelag var etablert alt i mellomalderen. Eit kalkmåleri frå 1300-talet i Højby kyrkje i Danmark, som skildrar ei legende om kongesønene Olav og Harald som kappseglar til Trondheim, syner to skip som minner om jekter[2]. Skipa er spissgatta, så om kunstnaren har skildra skipa realistisk er dei enda ikkje fullt utvikla jekter. Lovundbåten frå omlag 1450 var òg spissgatta[2]. I fylgje Nielsssen[4] kan dei tidlege jektebyggarane ha henta inspirasjon frå lasteskip frå Tyskland, Nederland og England, og den hanseatiske koggen, men jektene er sopass forskjellig frå desse at det ikkje kan vera snakk om at dei har tent som mal. Pedersen[2] meiner at jekta kan ha utvikla seg frå byrdingen, ved at han på slutten av 1400-talet eller på byrjinga av 1500-talet har vorte utstyrt med akterspegel. Den fyrste skriftlege kjelda som nemner jektene er eit brev frå 1526, der «den sorte iacht» er nemnd[2]. Kiil[5] nemner at det i 1568 vart sendt 34 skip og jekter nordover frå Bergen. Dette kan tyda på at jektene var i bruk midt på 1500-talet. Kiil meiner at rundt år 1600 hadde jekta fått den endelege forma[5].

Skroget[endre | endre wikiteksten]

Den klinkerbygde jekta «Sara Kjerstine» av Hitra ved kai ved Trondheim.
Foto: Olve Utne
«Anna Olava» er ein kopi av ei klinkerbygd sunnmørsjekt. Ho er i operativ stand og er eigd av Herøy kommune. Ein ser «rormannen» på toppen av roret.

Skroget var breitt i framkant og smalna av noko attover. For å få så stor lastevne som mogleg var jektene om lag dobbelt så breie og djupe som andre storbåtar av same lengd. Kjølen var som oftast sett saman av to delar; den bakre delen var rett, medan den fremre delen, kalla «lot», var svakt krumma oppover til han vart føydd saman med stamnen[6].

Materialane som vart nytta varierte med landsdelen, etter kva som var tilgjengeleg. I Hålogaland vart det nytta både gran og furu, i Trøndelag mest gran og nedover Vestlandet furu[6].

Huda[endre | endre wikiteksten]

Jektene var opphavleg klinkbygde, men utpå 1800-talet gjekk mange over til kravellbygging. Nokre klinkbygde jekter vart òg «kravellerte» (òg kalla «klaverte») i samband med reparasjon eller ombygging, anten ved at klinkerhuda vart skifta ut med kravellhud, eller at kravellhud vart lagt utanpå klinkerhuda. Dimensjonen på bordgangane i dei klinkbygde jektene kunne variera frå 4 til 5 cm, tjukkast på dei største jektene[6]. Dei største klaverbygde jektene på 1800-talet kunne kunne ha enda tjkkare bord: ved rekonstruksjonen av nordlandsjekta «Brødrenebord» til dømes vart det nytta 7,6 cm tjukke bord[7]. Borda vart festa til spanta med trenaglar. I staden for garnering vart det på dei gamle klinkbygde jektene nytta lause bord på innsida av spanta når det trongst for å beskytta lasta[6].

Spant og avstiving[endre | endre wikiteksten]

Jektene hadde krafige spant, som var plasserte med ein dryg halvmeters mellomrom[8][6]. Spanta var vanlegvis skøytt med skråskøyt (skarvskøyt), heldt saman av trenaglar. Skroget var avstiva tverrskips med tre «bettar», som var bjelkar mellom spanta på kvar side[5]. Den fremre beten var plassert framom lasterommet, ved plitten, den midtre ved masta og den bakre rett framom vengen. Mellom akterbeten og mastebeten var det to stokkar på kvar side, kalla «kinnan». Framon masta var det berre ein noko grovare bjelke[5]. Frå kjølsvinet til mastebjelken var det ein stor flatrydd stokk kalla «sporfjøla».

Langs heile sidene gjekk det innanføre den øvste bordgangen ein brei planke, kalla «vassbord» eller «skandekk», som òg var med på å stiva av skroget. Ofte var det to fenderlister (langisar) som beskytta hudborda. Den nedste av desse gjorde òg teneste som lastemerke.

Ope lasterom[endre | endre wikiteksten]

Med unnatak av siste halvdel av 1800-talet hadde ikkje jektene dekk. Over det opne lasterommet låg det lause flakar. Når rommet var tomt låg flakane på lause «flakåsar». Når rommet vart fylt opp vart flakane lagt over lasten og botne fast. Forma og det lause dekket gjorde jekta spesielt godt eigna for frakt av tørrfisk, som hadde låg tettleik og difor men tok stor plass. Fisken, eller «farmen» som tørrfisklasta vart kalla, var stabla fleire meter over ripa og det vart plasser flakar både over og på sidene av farmen. Når ein frakta trelast var det ikkje så kritisk med litt sjøsprøyt, men når det vart frakta tørrfisk var det viktig at flakane vart plasserte slik at veta rann av og ikkje trengte inn i lasta. Det hende likevel at fisken vart skemd, noko som er godt dokumentert i rettslege dokument. Ei ulempe med det opne lasterommet var at når jektene var lasta hadde dei ikkje så stort fribord, så dei høvde ikkje som havseglarar.

Vedlikehald og haldbarheit[endre | endre wikiteksten]

Skroget var noko lealaust, som førte til at jektene ofte lak og mannskapet laut bruka mykje tid på pumping. Ein metode som vart nytta for å bøta litt på lekkasjen var mauring, som gjekk ut på å sleppa maurtueboss i vatnet ved skipssida. Der det var tilgang på sagflis vart det nytta. Noko av bosset ville då verta suge inn i skroget der det var lekkasjar. Dette arbeidet måtte utførast når det var stilt. Det er ikkje kjent kor effektiv denne metoden var, eller kor lenge det hjelpte.

For å beskytta jektene mot pålemakk vart dei tjærebredde og når dei ikkje var i bruk vart dei sette på land. I Hålogaland var håsetene pliktige til å vera med på å dra opp og sjøsetta jektene. Når jektene var komne opp på land vart groe av skjel, rue og andre orgasnismar skrapa av og skroget vart tjørebredd på nytt. På trass av dette vart jektene sjeldan meir enn 20-30 år før dei laut kondemnerast.

Lastevne[endre | endre wikiteksten]

Ein har ingen sikre opplysningar om kor store dei eldste jektene var, men dei var truleg ikkje så store. Lasteevna til ei jekt vart oppgjeven i lestar eller tønner. Sjølv der ein har talverdiar er det vanskeleg å samanlikna, på grunn av at det var fleire typar lestar: det var «smale lestar» tilsvarande 12 tønner, «grove lestar» tilsvarande 24 tønner, og frå 1600-talet og utover «kommerselestar». I tillegg kjem det at både tønner og lestar vart nytta både for volum (til korn til dømes) og masse og at målet til dels varierte etter kva slags last det var. Lest som mål på masse kunne vera 6-16 skippund (960-2560 kg). Det fanst ingen formelle metodar for oppmåling, så når lasteevna skulle bestemmast nøyde ein seg med ein omtrentleg verdi basert på augemål. Opplysningar om lasteevne er difor svært omtrentlege. Eit døme spm illustrerer dette er at ei jekt frå Mjønes i Skjerstad i 1790 vart «målt» til 18 kommerselestar, men ei taksering i 1796 kom fram til 60 lestar[5]. Jekteskipperane betalte skatt etter lasteevna, og jektene vart registrerte fyrste gongen dei kom til Bergen, og lastevna vart då brend inn i mastebeten. Skipperane var difor interesserte i at registrert lastevna skulle vera minst mulig, for å redusera skatten.

Små jekter kunne ha ei lasteevne på nokre få tønner, medan dei største på slutten av 1800-talet kunne lasta over 60 tønner. Gjennomsnittleg lasteevne for 24 jekter frå Helgeland var i 1652/53 på 9 1/3 lestar, medan tilsvarande tal for 16 jekter frå Salten var på 13 1/3 lestar, for 8 jekter frå Vesterålen 21 lesatr, for 10 jekter frå Lofoten 14 lestar, tre jekter frå Andenes vart på 23 lestar, 14 jekter frå Senja var på 13 1/2 lestar og i Troms var på 13 1/2 lestar[5]. Kiil[5] nemner at presten på Rødøy i 1660-åra hadde ei jekt på 24 lestar. Ein kompliserande faktor er at jekteskipperane nytta smala lestar, medan tollarane nytta kommerselestar. Det er ikkje kjend kva for lestar desse gjennomsnittsverdiane siterte over syner til. Vestlandsjektene, som ofte vart bygde for å frakta ved vart ofte målt etter kor mykje ved dei lasta. Holvikjekta til dømes, som hadde ei lengd på 19,7 m, ei breidd på 8,3 m og ei djupn på 2,95 m[6], lasta 120-150 mål ved, men det er noko uklart kor mykje eit mål var.

Utover 1700-talet gjekk fiskarane over til å nytta garn og fangsten auka. Det var difor meir fisk å føra til Bergen og storleiken på jektene auka. I fylgje ei oppmåling av 44 nordlandsjekter utført i Bergen i 1789-1791 og 1793 var gjennomsnittleg lastevne på 18 kommerselestar[5]. Frå 1830 og utover auka storleiken på jektene, frå ei gjennomssnittleg lengd på omlag 12 m til rundt 22 m. På slutten av jekteperioden sist på 1800-tallet kunne ein grovt dela jektene i tre storleikar: «småjekta» som hadde ei lasteevne på rundt 400 tønner (33 lester/59 tonn), «mellajekta» ssom hadde ei lasteevne på rundt 700 tønner (58 lester/104 tonn) og «storjekta» som hadde ei lasteevne på rundt 1000 tønner (83 lester/150 tonn)[9]. Den største jekta ein kjenner til var «Bue Digre», var hadde ei lengd på omlag 26 m, og ei lasteevne på 1600 tønner, tilsvarande 133 kommerselestar eller 240 tonn.

Vengen[endre | endre wikiteksten]

Vengen på «Holvikjekta». Dette er ei stor jekt og det er god plass både for skipper, prest og fut.
Foto: Gunnar Eldjarn

Vengen var eit overbygg, eller kahytt, bak på jekta. Ofte var det vindaugo på akterspegelen. På små jekter var det ikkje så mykje rom i vengen, så det var knapt nok plass til skipperen og styrmannen. På mindre jekter heldt resten av mannskapet til under halvdekket i baugen (plitten). Men reisande storfolk (embetsmenn, som futar og prestar) fekk som oftast plass i vengen. Varer som ikkje tålte væte vart òg stuva under plitten[8], så det var kanskje ikkje alltid så mykje rom att for mannskapet. Det hendte nok at sume av mannskapet laut sova under flaka, saman med fisken. På nokre jekter var vengen så stor at storparten av mannskapet fekk plass der. Vengen vart då delt i to rom, slik at skipper og styrmann fekk sitt eige «vengkammer». I vengen var det som oftast ein omn eller ei grue, der ein koka mat og kaffi. Det var ofte ein skårunge som var ansvarleg for matstellet.

Akterspegel og ror[endre | endre wikiteksten]

Vengen på jekta «Sara Kjerstine». Her ser ein òg rorkulten, som kan låsast i ein bestemt posisjon. På denne jekta er det ikkje «rormann» på toppen roret.
Foto: Olve Utne

Roret var hengsla til hekken og den som stod til rors styrte med ein rorkult. Rorkulten kunne låsast i ein bestemt posisjon ved ved at han gjekk ned i spor i ei liste plassert på tvers av vengen. Dette gjore at det var lett å endra posisjon. På små jekter var rormannen plassert framom vengen, men på dei største jektene var han plassert oppå vengen.

På toppen av roret var det ofte plassert ein «rormann», som var eit mannshovud utskore i tre og måla i sterke farger. Ein trur at denne skikken stammar frå Nederland, der han var svært utbreidd. Det er ikkje kjent om rormannen var forbunden med overtru, eller om han berre var for stas. Nokre bergenskjøpmenn handla med rormenn i ulike storleikar og utsjånadar.

Akterspegelen på jektene var ofte kunstnerisk utførte, men namnet på skuta i fine bokstavar og nokre gong eit stutt vers på rim. Jektene bar ofte kvinnenamn, som namnet til kona eller dotter til jekteigaren. Men optimistiske namn som «Haabet» og «Lykken» var ikkje uvanlege. Fuglenamn vartòg nytta, som «Falken», «Ravnen», «Høne», osb. Nokre namn spegla eigarforholded, som til dømes «Brødrene», «Tvende Brødre».

Riggen[endre | endre wikiteksten]

Nordlandsjekta «Brødrene» av Melbu ved kai i Kristiansund. Dette er ei «moderne» jekt med dekk, noko som vart innført utpå 1800-talet. Det er ei stor jekt med høg mast, så det er fem vant på kvar side. Storseglet er surra rundt råa som ligg på dekk. Rakken, som glir opp og langs masta og held fast råa til masta, er òg godt synleg.
Foto: Olve Utne

Etter som jektene hadde berre ei mast var ho etter måten høg. I byrjinga av 1800-talet var gjennomsnittleg mastehøgd på 18-19 m[5], men på dei største jektene kunne masta vera opp mot 30 m. Det var ikkje enkelt å finna gode mastemne og dei var heller ikkje lette å transportere. Diameteren på høvelege tre kunne vera opp til ein meter. Om ein ikkje fann stort nok mastemne laut ein skøyta saman to tre, til dømes ved å plassera ei jarnhylse rundt skøyten. Masta vart utsett for store krefter og det kunne vera 4 til 5 vant på kvar side, som vart stramma med hjelp av jomfruer. I tillegg vart masta heldt på plass i lengderetninga av vanta som gjekk attover, og tjukke tjøra tau, stag, som gjekk framover. Ofte var det to stag, eit som var festa rett over råa og eit toppstag.

Jektene hadde ei stor mast med råsegl, sett saman av fleire delar. Den største seglet vart kalla skumfarseglet; det var festa til råa og strekte seg til litt nedom midten på masta. Skumfarseglet vart heisa ved at råa, som var festa til masta med ein rakke, vart heisa. Å heisa råa var tung, spesielt når seglet var vått. Ho vart heisa med «draget», òg kalla «fallet», som var liner som gjekk via ei fem- eller seksskoren talje; den øvste talja var festa i rakken og den nedste i vengen. Mannskapet som heiste seglet stå på vengen. For å kunna fira seglet når det var fylt, nytta ein «rakketrossa», som var festa i rakken.

For å halda råa i rett posisjon gjekk det braser frå rånokkane og ned til skroget. Hjørna på skumfarseglet var ofte forsterka med vadmellappar. Dei svarte lappane gav opphav til ei myte om at håløygane synte sorg over at Petter Dass var død med dei svarte lappane i seglet.

Nedom skumfarseglet vart det frå eit til fire mindre segl, kalla bonettar. Både skumfarseglet og bonettane hadde full breidd, men bonettane var smale i høgda. Over skumfarseglet kunne det vera eit toppsegl, men ikkje alle jektene hadde toppsegl, men truleg var ikkje dette vanleg før midt på 1800-talet[6]. Toppseglet smalna av mot toppen, der det var festa i toppseglråa. Toppseglet og bonettane gjorde at arealet på seglet kunne endrast snøgt når vindestyrken endra seg. Eit enkelt grep var nok til å løysa bonettane frå skumfarseglet. At arealet på seglet kunne reduserast snøgt vart viktig når det kom floingar eller i farvatn der kastevindar er vanlege.

Under bidevindseilas var det viktig å godt strekk i seglet. For å få til dette gjekk det ei line, kalla bogline (eller penta) frå framliket til ei blokk (boglineblokka) festa i framstamnen[6]. Priaren var eit tau som var festa midt på seglet; den eine enden gjekk rundt masta og den andre enden gjekk via ei blokk i seglet ned til eit kryssholt. Ved å dra eller slakka av priaren kunne ein regulera kor mykje seglet bula ut. Priaren var til nytte under bidevindseilas. Skumfarseglet og bonettane hadde kvar sine priarar, så dei kunne justerast uavhengig av kvarandre. For å halda seglet stramt var halsane (hjørna som vender fram og ned) festa til ei line, kalla «smitten», som var festa i skumfarseglet og gjekk ned via bonettane til ein bussgatt i sida på skroget.

Å sigla ei jekt var inga enkel oppgåve. Det vart mange liner å halda styr på og når vinden snudde eller det kom ein floing laut seglet endrast snøgt. Sjølv om jektene ofte hadde stort mannskap - i all fall nordlandsjektene - trongst alle hendene når ein laut ta rev i seglet. Det var òg viktig at styrmannen, og den som heldt utkikk, fylgde godt med.

Dei eldste jektene hadde vadmålssegl som vart produsert lokalt, men på 1800-talet dukka det opp profesjonelle seglmakarar. I 1830-åra hadde ei middels stor jekt eit segl med ei breidd på 11-12 m og ei høgd på 15-16 m[5], så seglet representerte ein stor kostnad. For at dei ikkje skulle rotna laut segla barkast, noko som var arbeidskrevjande.

Jekter og jakter[endre | endre wikiteksten]

Nemninga «jekt» kjem frå nederlandsk «iackt» og vi finn det att i det engelske ordet «yacht». Den opphavlege tydinga va ordet skal i fylgje Molaug[8] tyda hast eller noko som fer snøgt. I mellomalderen var ikkje skriftspråket standardisert og «iackt», «jekt» og «jakt» vart ofte nytta om kvarandre. Som døme på dette nemner Pedersen[2] at presten Absalon Pedersøn Beyer nytta både «Iackt» og «Jacht» om det som truleg var ei jekt. Etter kvart vart «jekt» den vanlege nemninga.

Då det vart vanleg med gaffelrigg vart seglskip med ei mast, kalla «jakter». Skroget var stort sett likt på jekter og jakter, men jakta har dekk, og det var riggen som avgjorde om det var ei jekt eller ei jakt. Men nemningane «jakt» og «jekt» er så like at dei nokre stader vart nytta om kvarandre. I Hardanger var ei jekt det same som ein «snøggsiglar» og jaktene vart òg kalla jekter. Lengst sør i Hordaland, og i Rogaland og Agder vart jaktene kalla jekter.

Omrigging[endre | endre wikiteksten]

Utpå 1800-talet vart nokre jekter rigga om til jakter, ved at råseglet vart erstatta med gaffelrigg. Det høge stamnen vart då som oftast kutta av og det vart sett på baugspryd og to eller tre stagsegl. Men av og til vart baugsprydet plassert på sida av stamnen. Det hende òg at jekter vart rigga om til galeasar; dei vart då utstyrte med ei mesanmast attom stormasta. Som oftast vart stormasta gaffelrigga, men det hende òg at ein beheldt råseglet på stormasta og rigga mesanmasta med gaffelsegl. I tillegg var det baugspryd med minst eit stagsegl. Slike skuter vart kalla «jektgaleasar».

Navigasjon og tilhøva ombord[endre | endre wikiteksten]

Ein jekteskipper frå Nordmøre, teikna av C.F. Diriks.

Å sigla ei jekt med lite fribord kravde mykje både av styrmannen, som hadde kommandoen ombord, og resten av mannskapet. Det var ikkje før lagt ut på 1800-talet at det vart bygd fyr langs kysten, så styrmannen laut vera godt kjend der han for. Han nytta kjennemerke som fjell, øyer og holmar, kyrkjespir, osb. for å kjenna seg att. Skrivekyndige styrmenn kunne ta notatar, men Ikkje alle styrmennene var skrivekyndige, så dei laut lita på minnet. Som oftast sigla ikkje jektene når det var mørkt, men la seg til i ei høveleg hamn, attom ein holme eller ein anna plass der dei var i le. Tåka kunne vera farleg om ho kom brått på. Vindstille var heller ikkje ufarleg, for om det var straum kunne han driva jekta inn på ei grunne, eit skjer eller eit fall, og ei lasta jekt var for tung til at ho kunne roast mot straumen.

Det var hålogane og finnmarkingane som gjorde dei lengste og mest strabasiøs reisene, heilt frå nord for Troms eller Finnmark til Bergen. Jektene var ikkje havsiglarar, så der det var mogleg vart kursen lagt innaskjers. Men det var fleire opne havstykke, som Vestfjorden, Foldafjorden, Hustadvika og Stadhavet. Sjølv om det var finvêr når dei starta på desse havstykka kunne vêret skifta til storm før dei kom over. Om det var bidevind, slik at dei laut kryssa seg fram, kunne det ta lang tid å koma over, og då kunne vêret endra seg. Di lengre sør ein kom di stuttare vart reisa til Bergen. Dei som budde i Salten og sørover slapp å kryssa Vestfjorden, dei som budde sør for Namdalen slapp unna Foldafjorden, osb.

Forlis[endre | endre wikiteksten]

Utsnitt av ein illustrasjon til Skarvene på Utrøst av Hans Gude.
Ei grunnstøytt jekt, utsnitt av eit måleri av Hans Gude.

Årleg forliste mange jekter, med tap av skip og last. Ofte gjekk òg mannskapet med, men om dei var heldige kunne dei verta berga av andre skip eller båtar. Spesielt på Stadthavet var det mange jekteforlis. I 1692 forliste 16 nordlandsjekter der og i 1698 forliste åtte jekter på Stadthavet og 22 menneskje drukna[2]. Eit forlis kunne ruinera ein jekteskipper, forutan at dei som sat heime og veta på varer frå Bergen kunne koma i beit. Men dette var ein risiko ein ikkje kom unna og folk var vane med at dauden kunne koma når som helst.

I fjordane kunne jektene vera utsette for plutselege kastevindar. Om mannskapet ikkje klarte å fira eller i det minste ta rev i seglet i tide var det fare for kollsegling. Det var difor viktig å ha ein styrmann som var godt kjend med farvatnet og vêrtilhøva der ein sigla. Det hende òg at jekter sprang lekk i hard vêr. Om lekkasjen var så stor at mannskapet ikkje klarte å pumpa det ut etter kvart kunne fartøyet søkka. Om sjøen slo inn frå sida mot flakane kunne lasta forskyva seg slik at jekta fekk slagside. Med så lågt fribord som jektene hadde kunne dei då verta fylt med sjø, eller kantra. Situasjonen betra seg noko frå 1820 og utover, då det vart vanleg med faste sideskot[2]. Men det førte òg til at ein tok til å sigla lengre til havs, der det var meir stabil vind. Ein kunne slik korta inn reisetida, men det var meir sjøgang på utsida av skjergarden. Ein laut difor vega føremonene med meir stabil vind mot auka fare for meir opprørt hav. Ein annan faktor som truleg førte til forlis var at mannskapet drakk mykje brennevin[2], noko som kunne gjera at dei ikkje alltid var i topp form.

Matstell[endre | endre wikiteksten]

Mannskapet måtte sjølv halda seg med mat. Det gjekk mykje på surmjølk og brød, men sume hadde med seg ei halvtønne med saltfisk[2]. Ettersom ein ikkje viste kor lang tid reisa ville ta var det ikkje så lett å proviantera. Om ein var matlens var det problematisk, men om ein hadde med for mykje mat kunne han verta skjemd, særleg i hundedagane. Sjølv om det var omn i vengen var det ikkje alltid muleg å koka mat når jekta stampa i tung sjø. Koka mat vart det mest når det var vindstille eller når jekta ankra opp i smult farvatn. Ein kunne då koka saltfisk eller risengrynsuppe. Kjøtt vanka det berre sjeldan. Kjøttet vart koka i ei felles gryte, og for at kvar mann skulle kjenna att kjøttstykka sine vart dei merkte med å knyta snøre rundt stykka, med ymse knutar på. Dette var ein metode som dei var vane med frå livet i rorbuene under lofotfisket.

Moderniseringar på 1800-talet[endre | endre wikiteksten]

På dei gamle jektene var det nytta trosser og spel av tre for å heisa ankeret, og for å dra inn ankertauet når ein laut varpa fartøyet. Rundt 1840 vart det vanleg med spel av støypejarn, og det vart nytta kjetting[10]. Det vart òg vanleg med spel med sveiv for å heisa seglet, som var lettare å arbeida med enn dei fleirskorne taljene som ein hadde nytta før. Desse forbetringane førte til at mannskapet kunne reduserast noko[10]. Frå 1820 og utover vart dei lause flakane erstatta med faste sideskott[2], noko som gjorde dei tålte større bølgjehøgd. At ein ut på 1800-talet tok til å legga dekk i jektene førte til at dei ikkje så lett vart fylde av brottsjøar, og vart sikrare.

Jektebygging[endre | endre wikiteksten]

Byggearbeidet[endre | endre wikiteksten]

Jektebygging i Granvinsfjorden. Måleri av Thomas Fearnley, frå 1839.

Jektene vart bygd etter lokale handverkstradisjonar langs kysten frå Vestlandet og nordover. Bygginga var fullstendig basert på båtbyggaren si røynsle, utan teikningar eller modellar. Skips- og båtbygging krev tilgang til nok tømmer av ein viss storleik. Jektebygginga gjekk hardt ut over skogen på grunn av at ein ikkje skar tømmeret, men splitta stokkane i to deler med kilar og hogg til borda med øks. Ein fekk då berre to bord frå kvar stokk. Då oppgangssagene vart bygde heldt jektebyggarane fram med å nytta øks, sjølv om ein kunne fått tre til fire gongar så mange bord frå kvar stokk ved å saga bord. Det kan vera at grunnen i noko grad er å finna i at dei ikkje hadde nokon måte å bøya borda på, slik som ein seinare fekk ved stiming av borda. Når dei vart hogde til var det lettare å få den forma borda måtte ha for å få rett form på skroget. Jektene vart bygde ved at ein fyrst strekte kjølen, hogg til og klinka saman borda. Spanta vart så tilpassa bordgangane og sett inn i etterkant[5].

Det var jektebyggaren sjølve som laut til skogs for å leita opp og hogga høveleg tømmer for jektene. Dei nytta mykje røter for å få emne som hadde den rette krumminga og det kravdest stor røynsle for å ta ut dei rette trea. Dette var slitsamt arbeid, med det laut til om resultatet skulle bli bra. Når materialane var på plass kunne bygginga ta til. I tillegg til byggmesteren var det som oftast ein underbyggmester, ein smed og fire arbeidarar. Smeden smidde saum, ymse beslag og anna jarnarbeid som det var bruk for.

Når bygginga var ferdig laut jekta tjørebeiast, noko som jektebyggaren var ansvarleg for. Ein smurte inn skroget med tjøre som så vart ho brent inn ved å setta fyr på eit neverstykke. Denne prosessen vart teken oppatt fleire gong, slik at det danna seg eit beklag på skroget[2].

Å bygga ei jekt tok rundt 14 veker, noko jektebyggaren fekk 25 riksdalar for[5]. Arbeidarane hadde i tillegg fri kost og dram. Arbeidsdagen starta i firetida om morgonen, og alltid med ein dram eller to, så det kunne gå med både ei og fleire tønner brennevin under bygginga, som den som hadde bestilt jekta laut skaffa[2]. Kombinasjonen dram og kvasse økser kan verka merkeleg i dag, men den gongen var ikkje HMS oppfunnen og ein såg ikkje på brennevin som problematisk.

Geografisk oversyn[endre | endre wikiteksten]

Jekta Bue Digre under bygging ved Selfossjøen i Rana i 1868.
Jektebygging i Eggebogen, no i Steinkjer kommune. Båtbyggar Ovesen sit i fremst, saman med to born. I bakgrunnen ser ein to jekter under bygging. Toppåret for jektebygging på Innherred var 1879. Oppe på åskammen ser ein hovedlåna på Egge gard og Egge kyrkje.

Tidleg jektebygging vart utført langs heile kysten der det var høveleg skog. Sjøsamane var dyktige båt- og jektebyggarar og dei heldt ofte til i fjordar med høveleg furu eller granskog[5]. Det var til dømes tilfelle for Tysfjord, Ofoten, Salangen, Sørreisa, Malangen, Lyngen, Kvænangen, Balsfjord, Hamarøy og Saltdal. Kiil[5] nemner at sjøsamane i Skjomen og Herjangen vart rekna som særleg gode jektebyggarar. Det var opphavleg dei som bygde jekter i Hålogaland. Men utover 1700-talet var det stor tilflytting av ikkje-samar til dei hålogske fjordane og mange av desse lærte seg jektebygging. I Rana vart det òg bygd mange jekter, spesielt på 1700- og 1800-talet. Gjertrud er ein kopi av ei ranajekt frå 1700-talet[11].

Jektebygginga heldt fram i dei fleste hålogske fjordane utover 1600-talet, men i nokre område vart det meste av høveleg skog etter kvart uthoggen, noko som førte til at jektebygginga laut flyttast sørover. I Salten vart det før 1600-talet bygd mange jekter, men på grunn av at det i Beiaren var betre tilgang på furu tok dette området etter kvart over for Salten[5]. Midt på 1700-talet tok det til å minka på høveleg jektetømmer i både i Saltdalen og i Beiarn og dei hålogske jekteskipperane laut fara til Namdalen for å få tak i nye jekter.

Jekter vart bygd fleire plassar i Trøndelag. I Steinkjer til dømes var jektebygging ein viktig næringsveg. Hommelvik hadde minst to verft som bygde jekter på 1800-talet: Hommelvik Jægtbyggeri og Hommelvikens Skipsverft. I Innherad og i Hemne, spesielt Vinjeøra, vart det òg bygd mange jekter. «Pauline», som er den einaste siglande jekta som ikkje er ein rekonstruksjon, vart bygd i Innherad i 1860. Ho var gjennom mange modifikasjonar, men er i dag restaurert til opphavleg stand[12]. «Anna Karoline», som vart bygd i Mosvik i 1876, er ei typisk nordlandsjekt, som vart nytta for å segla til Lofoten for å henta fisk. I 1954 vart ho kjøpt av Nordland fylkesmuseum, og står no utstilt i Jektefartsmuseet ved Bodøsjøen i Bodø[2].

På 1800-talett vart det bygd jekter fleire stader på Nordmøre, som i Straumsnes og Tingvoll[13]. I Romsdal vart det bygd jekter ved Raudsand i Nesset[13]. I Bjørkedalen i Volda har ein lang båtbyggartradisjon. I fylgje Hjellnes[14] har det vore bygd jekter der sidan 1500-talet. At det vart bygd jekter i Bjørkedalen kan verka pussig, for dei ferdige jektene måtte dragast ned til Kilsfjorden, ein distanse på nokre kilometer. Sjølv om jekter ikkje var så store må det ha vore mykje slit med å få dei ned til vatnet. Båtdraging var dugnadsarbeid og ettersom det vart bygd båtar på dei fleste gardane i Bjørkedalen hjelpte dei kvarandre kvar sin gong.

I Sogn og Fjordane held ein fram med å bygga jekter etter same lest som før, og det vart ikkje gjord så mange endringar som lengre nord[2]. Bakkejekta frå Holmedal i Sunnfjord, vart bygd i 1750 og er den nest eldste bevarte jekta i Noreg[4]. Ho står no på Kystmuseet i Sogn og Fjordane; det er bygd ein kopi som er i operativ stand. Mange av jektene i Sogn og Fjordane vart nytta til lokal transport og var etter måten små. Men det fanst òg stor jekter, som Holvikjekta.

I Hardanger vart det òg bygd jekter. Hardangerjektene vart ofte nytta for å frakta ved til Bergen, så dei vart av og til kalla vedjekter. Den eldste bevarte jekta i Noreg er «Anna af Sand», som opphavleg heite «Haabet», var bygd i Hardanger i 1848.

Fraktefarten[endre | endre wikiteksten]

Fartsområdet til jektene var langs norskekysten, frå Finnmark til Agder. Ein veit at denne fraktefarten tok til i mellomalderen, men då med knarrar og byrdingar. Ein gong på 1500-talet tok ein så til å nytta den nye skipstypen jekt.

Hålogaland[endre | endre wikiteksten]

Jekter på veg til Bergen, måleri av Frederik Martin Sørvig frå 1866. Kunstnaren har fått med flakane over og på sida av farmen. Det er lite vind, så mannskapet freistar å hjelpa til med å ro i det som ser ut som ein fyring.
Ei nordlandsjekt med tørrfisk i Sandviken i Bergen. Fotografi teke ein gong mellom 1870 og 1890. Her ser ein tydeleg flakane på sida av farmen.
Nordlandsjekt.

I fylgje Axel Coldevin var det i 1563 111 jekter i Hålogaland (Nord-Noreg), i 1885 var det 256 jekter berre i Nordland og i 1890 var det 350[8]. Frå Nord-Noreg var sørgåande last fyst og fremst tørrfisk, men tran, rogn, fuglefjør og dun, men noko skinnvarer vart òg frakta. For dei største jektene kunne verdien av lasta koma opp mot 1000 riksdalar. Sjølv om det var mykje lenger til Bergen enn til Trondheim sigla dei aller fleste nordlandsjektene til Bergen, der det vart arrangert to stemne i året: vår- og hauststemnet. Grunnen til dette var at Bergen var den største byen i Noreg og hadde ein dominerande posisjon innan handel med utlandet. Det var dit utanlandske oppkjøparar kom. Ein annan grunn kan ha vore at det var bergenskjøpmennene som fastsette prisane både på varene dei kjøpte og dei dei seld. Dei sytte då for at fiskarbøndene kom i skuld til dei og difor vart nøydde til å halda fram handelen for å betala av på skulda. Til hauststemnet i Bergen i 1715 kom det 44 jekter frå Hålogaland; då hadde 26 av desse vore der ein tur før det året. Etter som hålogane hadde så lang veg hadde dei dei største jektene; aller størst var jektene frå Troms[15].

Jektene var for kostbare for folk flest, så dei var som oftast eigde av embetsmenn, som futar og prestar, rike væreigarar og handelsmen. Jektefarten var organisert slik at ei eller fleire bygde slo seg saman og gjorde avtale med ein jekteigar, som då mot betaling tok på seg å føra lasta til Bergen og likeeins føra handelsvarer attende. Dette vart kalla bygdefar. Jekteigaren vart kalla skipper, men det var styrmannen som førte jekta og hadde kommandoen ombord.

Nokre av fiskebøndene som sendte varene sine med jekta var med som mannskap, eller dei kunne senda med ein dreng eller leiga nokon å senda med. Desse vart kalla «håsete»[8]. Dei ulike håsetene var ansvarleg for varer send av fleire fiskarbønder, og det var dei som selde varene i Bergen og handla returvarer. Returlasta var salt, korn, sukker, brennevin, tobakk, fiskereiskap, lerret, hamp og andre varer som ellers ikkje var å få i Hålogaland. Etter som det var dårlege tilhøve for å dyrka korn i Hålogaland laud dei kjøpa dette lengre sør. Hålogalnd var på mange måtar meir basert på pengeøkonomi enn sørlegare distrikt. Væreigarar kjøpte òg luksusvarer som silke, fine møblar og pyntegjenstandar.

På grunn av at sume sendte varer med jektene til embetsmennene fekk ikkje alltid bygdefarjektene full last, noko som førte til mange klager. For å bøta på dette forkynte Ove Scheldrup, som var amtmann i Nordland, på sumartinget i Vågan i Lofoten i 1738, nye reglar for jektefarten: «Artikler for Jægte-Bruget i Nord-Landene». Desse reglane, som vart heitande «jekteartikklane», stipulerte detaljerte reglar for tilhøvet mellom jekteeigarane og allmugen. Jekteartikklane la ned forbod mot at embetsmenn og godseigarar kunne driva frakt for allmugen, men dei fekk lov til å frakta eigne varen.

Trøndelag[endre | endre wikiteksten]

Jekt ved Munkholmen i 1906.

Trønderane nytta jekter for å sigla til Hålogaland med tømmer og trematerialar. Dei kjøpte så opp tran og fisk som returlast. Men det var òg godt fiske i Namdalen, så ikkje all fisken kom frå Lofoten. Mange sigla til Bergen med denne fisken. Det vart òg frakta kværnstein, broten i Selbu, til Bergen. Tidleg på 1600-talet vart det ca. 30 jekter i Namdalen[15]. Desse var eigd av bønder, så Døsland meiner at det må ha vore eit slags bygdefarsystem i Namdalen[15], ikkje ulikt det i Hålogaland. Men mot århundreskiftet endra dette seg, på det viset at fleire utliggarborgarar tok til med fiskeoppkjøp. Jektene vart då større og i 1715 sigla det berre åtte jekter frå Namdalen til Bergen[15]. Mange nordlandsjekter var òg innom Namdalen på tur nordover, for å henta tømmer. Trønderjektene frakta òg mykje tømmer og trelast til Trondheim.

Møre og Romsdal[endre | endre wikiteksten]

Jekta «Oline» under lasting av sand ved utløpet av Surna.

Trønderer, nordmøringar og romsdalingar handla mykje med kjøpmennene i Trondheim[15]. Dei handla òg mykje på dei lokale marknadane: Namdalsmarknaden, Levangermarknaden og Romsdalsmarknaden, så dei frakta minde varer til Bergen enn hålogane. Etter som avstandane var mindrre kunne dei nytta mindre og rimelegare jekter. Skattemanntalet frå 1520 for Nidaros erkebispedøme nemner at Torstein Eriksen av Aspen-slekta på Veiholmen åtte ei jekt, som han nytta for å frakta fisk til Bergen[13]. Han for òg til Levangermarknaden med jekta. I skipsskatten for 1563 for Nordmøre var det lista opp 13 jekter som det vart betalt skatt av[13]. Amtrekneskapet for Trondhjem Stiftamt for 1663 syner at det er 18 jekter på Nordmøre[13]. Det er kjent at romsdalingane sigla til Bergen med jekter i 1563. I 1632 var det ti jekter i Romsdalen, dei fleste i ytre strøk[8]. I 1742 fekk Kristiansund bystatus og i 1793 fekk Ålesund «visse handelspriveleger»[16], men Bergen hadde framleis ei dominerande rolle[17].

Langs Storfjorden på Sunnmøre var det fleire jekteeigarar på 1700-talet. Ein av dei, Ole Lauritzen Abelseth, hadde tre jekter[8]. Sunnmørsjektene sigla i stort mon til Bergen, men varene dei førte skilde seg noko frå andre distrikt, på det viset at sunnmørsjektene frakta tjøre for større verdiar enn tørrfisk og tran til saman[15]. Men i likheit med nordmøringane og romsdalingane førte òg sunnmøringane noko varer til Romsdalsmarknaden[17].

Sogn og Fjordane[endre | endre wikiteksten]

Holvikjekta er ei stor orginal vedjekt som står på land på Sandane i Gloppen.
Bakkejekta er ei lita jekt, som er ein tru kopi av ei jekt frå Holmedal i Sunnfjord.

I Sogn og Fjordane fanst det to hovudtyper jekter. Inst i fjordane var det flest av dei store vedjektene som frakta famnved til Bergen. Desse jektene bar 80 til 150 mål bjørkeved. I tillegg til ved kunne dei og ha med bastetog, bandbuntar, bjørkebork, never og dreia eller lagga kjerald[18].

Ute ved kysten hadde dei fiskejekter. Dei var mykje mindre enn vedjektene, men hadde mykje same skapet. Dei vart for det mest brukte til å frakte fiskevarer til Bergen. Det var til dømes klippfisk, tørrfisk, tørrsild og tran.

Det var vanleg at jektene tok med seg ymse bergensvarer som returfrakt. På dei største jektene kunne det, før dei fekk spel til segl og anker, vere eit mannskap på 6. Det var ofte bøndene sjølve som var mannskap[15], men dei hadde ikkje så lang reise og dei slapp unna Stadhavet. Jektene vart òg nytta for å føra sauer og kyr til og frå sommarbeite, og til å transportere ved og materialar til bruk på gardane[19].

Hordaland og Rogaland[endre | endre wikiteksten]

Hordalendingane frakte ofte ved til Bergen på dei sokalla vedjektene. I lasta kunne det òg vera frukt og levande krøter. Rogalendingar hadde heller ikkje så lang veg til Bergen, så dei nytta ofte mindre jekter. På grunn av at det ikkje var så langt nytta mange bønder frå Hordaland og Rogaland i stort mon mindre båtar for å føra varene sine til Berge,

Attverande og nybygde jekter[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 J.B. Godal, Tre til båtar, Landbruksforlaget, 2001.
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 2,11 2,12 2,13 2,14 2,15 2,16 2,17 B. Pedersen, Jekta - Eventyrets farkost, Museumsforlaget, 2019.
  3. Sverres saga, Heimskringla - Norges kongesagaer, omsett av G. Storm og A. Bugge, I.M. Stenersens forlag, 1914.
  4. 4,0 4,1 A.R. Nielsssen, Fangstmenn, fiskebønder og værfolk - fram til 1720, Norgesfiskeri- og kystehistorie bind I, red: N. Kolle og A.R. Nielsssen, Fagbokforlaget, 2014.
  5. 5,00 5,01 5,02 5,03 5,04 5,05 5,06 5,07 5,08 5,09 5,10 5,11 5,12 5,13 5,14 A. Kiil, Da bøndene seilte - Bygdefarsbrukets historie i nordlandene, Messel forlag, 1993.
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 6,7 G. Gøthesen, Norskekystens freaktemenn - Om seilfartøyer i kystfart, Norske båter bind II, Grøndahl & søn forlag A.S., 1980.
  7. Nordlandsjekta Brødrene, Stiftelsen Nordlandsjekta Brødrene, 1996.
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 8,5 8,6 S. Molaug, Vår gamle kystkultur, bind 1, Dreyer, 1985.
  9. G. Eldjarn, Jekt, Store norske leksikon, 28. mars 2020.
  10. 10,0 10,1 O. Helseth, Jektfarten i Salten efter 1814, Norsk sjøfartsmuseum, 1938.
  11. Gjertruds venner Arkivert 2021-08-01 ved Wayback Machine., Gjertruds venner.
  12. J. Winge, Trebåter - Norsk kulturhistorie på sjøen, Schibsted forlag, 2012.
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 A.I. Hoem, Skipsbyggingens historie for Kristiansund og Nordmøre, Nordmøre verkstedforening, 1982.
  14. T.A. Hjellnes, Båtdraging på Bjørkedalen, Kulturrådet, 4. juni 2021.
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 15,4 15,5 15,6 A. Døsland, Auka jektefart i gyldene tider, i Ekspansjon i eksportfiskeria 1720-1880, Norgesfiskeri- og kystehistorie bind II, red: N. Kolle og A-. Døsland, Fagbokforlaget, 2014.
  16. A.G. Silversten, Kristiansund - byen ved storhavet, i Kristiansund 250 år (A.G. Silversten (red.), J.W. Cappelsens forlag AS, 1992.
  17. 17,0 17,1 B. Rabben, Folket ved havet - fiskarsoge for Sunnmøre og Romsdal - tida fram til 1900, Sunnmøre fiskarlag og Romsdal fiskarlag, 1982.
  18. Ola Sande, Jekter og jektebruk i Nordfjord Årbok for Nordfjord 1953.
  19. O. Losnegård, Å hogge ei jekt, Fartøyvern, nr 8, 2003, ss. 46-49.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]