Balbina-demningen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Balbina-demningen

Kart
Balbina-demningen
1°55′02″S 59°28′25″W / 1.917222°S 59.473611°W / -1.917222; -59.473611

Balbina-demningen (Usina Hidreletrica de Balbina) er ein demning i Amazonaselva i nordlege Brasil som ligg rundt 100 km nord for Manaus. Han demmer opp eit av dei største kunstige reservoara i landet, Balbina-reservoaret. Til demningen er det laga til eit vasskraftverk, med installert kapasitet på 250 MW fordelt på fem turbinar. Dette er den nest lengste demningen i Amazonas-bekkenet, men har relativt låg straumproduksjon.

Balbina-demningen

Demningen er 31 meter høg og heile 2 920 meter lang. Arealet til reservoaret er 2 360 km², og vassvolumet er heile 17,5 km³ (17,5 mrd m³). Kraftproduksjonen dekkjer stort sett behovet til storbyen Manaus. Arbeidet med demningen byrja i 1985, og han stod ferdig i 1989.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]