Amazonaselva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amazonaselva
elv
Kart som viser Amazonaselva, sideelver og det omtrentlege nedbørsfeltet til elva.
Land  Brasil,  Peru  Colombia
Nedslagsfelt 7 050 000 km²
Renn gjennom Iquitos (Peru); Manaus (Brasil) og
Belem do Pará (Brasil)
Sideelvar på venstresida: Marañón, Japurá,
Rio Negro
på høgresida: Ucayali, Purus,
Madeira, Tapajós, Xingu, Tocantins
Lengd om lag 6 400 km
Middelvassføring 209 000 /s
Kjelde Apacheta klippa, Nevado Mismi, Arequipa, Peru
 - høgd Marañón 3 700 moh eller Nevado Mismi 5 597 moh.
Munning Rio del Mar på austkysten av Brasil
 - høgd moh.
Kart
Amazonaselva
4°26′54″ S 73°27′21″ W
Wikimedia Commons: Amazon River

Amazonaselva (spansk og portugisisk: Río Amazonas) i Sør-Amerika er den største elva på jorda målt i vassmengd. Ho fører like mykje vatn som Nilen, Yangtze og Mississippi til saman. Dette gjer at elva gjev tilskot til om lag ein femdel av alt ferskvatn som renn ut i alle verdshava. Amazonaselva er den nest lengste elva på jorda, etter Nilen.[1]

Persontransport mellom Iquitos og Leticia

Amazonaselva er i hovudsak ei brasiliansk elv. Den fjernaste kjelda ligg 3700 meter over havet i Andesfjella i Arequipa-regionen i Peru. Elva er 6 400 kilometer lang og har over 200 sideelver, med eit nedbørsfelt på 6 915 000 km², dvs. om lag 40 % av Sør-Amerika. Nokre av dei mest kjende sideelvene er Rio Negro som kjem frå nord, og Rio Madeira, Tapajós og Xingu som kjem frå sør. Utløpet av elva ligg på austkysten av Brasil og vert kalla Rio del Mar – elvehavet. Elva er farande for havgåande skip, som kan sigle heilt vest til Iquitos i Peru.

Bilete av Amazonas nær Manaus
Foto: Neil Palmer/CIAT

I 154142 siglde den spanske oppdagaren Francisco de Orellana ned elva. Det var på denne ferda at Amazonas fekk namnet sitt. Orellana skreiv at dei blei angripne av kvinnelege krigarar, som fekk han til å tenke på amasoner frå Antikken. Samanstøyten var mot tapuyasindianarar, der kvinner og menn i stammen kjempa side om side.

Amazonaselva har over 2000 fiskeartar, frå elektrisk ål til meir blodtørstige pirajaar.

Fotnote[endre | endre wikiteksten]

  1. Det er derimot strid om det er Nilen eller Amazonas som er den lengste elva i verda. Nyleg har forskarar funne det dei meiner er eit nytt utspring for Amazonas, som gjer ho 100 km lengre enn Nilen http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=141277

Kjelder[endre | endre wikiteksten]