Baldisholteppet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Baldisholteppet er no ved Kunstindustrimuseet i Oslo.

Baldisholteppet er eit vove biletteppe i gobelengteknikk som er C-14-datert til perioden 1040-1190. Teppet har namnet sitt frå Baldishol kyrkje som låg på Nes i Hedmark.

Då Baldishol kyrkje frå 1600-talet vart riven i 1879 vart ting frå kyrkja selde. Det var folk busette i bygda som kjøpte altarteppetauksjon og fekk med på kjøpet ein svært skitten tøybylt som etter det folk sa skulle ha vore brukt av klokkaren som isolasjon under fotskammelen mot trekken frå golvet. Tøyet var funne mellom to golvlag i den gamle kyrkja.[1]

Tøybylten skulle visa seg å vera det me i dag kjenner som Baldisholteppet. Teppet vart reingjort og reparert av dei som kjøpte det. Seinare vart det kjøpt av Kunstindustrimuseet i Oslo, og det er no utstilt der som eit av dei største klenodia i museet si eige. Teppet har vorte restaurert i fleire omgangar, seinast før utstillinga Stil 1100-1905 opna i 2004.

Teppet slik me kjenner det er 203 cm langt og 118 cm høgt. Det er to biletfelt på teppet, eit for april og eit for mai. Kantane på teppet er rivne av. Nokre trur at teppet kan ha vore del av eit større teppe med eit biletfelt for kvar månad. Eit teppe med dei tolv månadene i året kan ha vore omlag 12 meter langt.

Materiale[endre | endre wikiteksten]

Renninga er i ullgarn, størstedelen av innslaga er i ullgarn. Dei kvite felta er i lingarn. Garnet er farga med plantefargar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hermund Kleppa. «Baldisholteppet i Det Kvite Hus». Kulturhistorisk leksikon. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Henta 17. mars 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]