Balholm AS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Balholm AS er ei norsk verksemd som lager friskpressa fruktjus frå Sogn. Verksemda produserer eplemost og frukt- og bærjuis med distribusjon over heile landet.

Verksemda har hovudkontor i Balestrand. Ho vart skipa i 1996 av Åge Eitungjerde og Balestrand Fruktlager P/L. Balholm AS er i dag (2011) eigd av Rune Haug, Eli-Grete Høyvik og Åge Eitungjerde.

I 2008 fekk ho bygdeutviklingsprisen for Sogn og Fjordane og i 2009 Målprisen for Sogn og Fjordane. Balholm har vore ein viktig pådrivar for å fremja økologisk fruktdyrking og vart i 2009 kåra til Årets øko-leverandør i norsk daglegvare. Balholm AS er med i Sogn fruktrute.

I 2012 fekk Balholm AS Økopris Vestlandet 2012. Denne årlege prisen vert utdelt av øko-organisasjonane Oikos vest, Økoringen Vest og den økolologiske avdelinga i NLR Hordaland og går til ei enkeltperson, ein organisasjon eller ei verksemd som har gjort ein særleg innsats for å fremja økologisk landbruk eller forbruk i regionen vår.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]