Balestrand
- For kommunen med same namn, sjå Balestrand kommune.
Balestrand | |||
stad | |||
Balestrand frå fjorden
Foto: Matt Sachtler | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Sogndal | ||
Areal | 1,06 km² | ||
Folketal | 824 (2017) | ||
Folketettleik | 777 / km² | ||
Postnummer | 6899 BALESTRAND | ||
![]() Balestrand | |||
Wikimedia Commons: Balestrand (village) | |||
Balestrand, også kalla Balholm eller Holmen, er ein tettstad i Sogndal kommune, Vestland.
Balestrand var kommunesenteret i tidlegare Balestrand kommune i Sogn og Fjordane fram til kommunen vart slegen saman med Leikanger og Sogndal til nye Sogndal kommune frå 1. januar 2020.
Sjølve namnet Balestrand blei skapt av Henrik Wergeland då han reiste i Sogn i 1832, og skreiv diktet "Framnæs - Balestrand". Namnet kjem av garden Bale, som ligg sentralt til i bygda. På gamalnorsk betyr Bale ein graskledd bakke ved sjøen. [1]
Tettstaden har 824 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg sørom innlaupet til Esefjorden, på nordsida av Sognefjorden. Balestrand er ein viktig turiststad og har fleire hotel og andre overnattingsstader, mellom andre Kviknes hotel. Her ligg også Norsk Reiselivsmuseum, Sognefjord Akvarium og Balholm AS .
I sommarsesongen går det turistbåtar frå Balestrand inn Fjærlandsfjorden og til Flåm. Det er heilårs snøggbåtrute til Bergen.