Balutsjarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Balutsjarar i Nik Shahr i Iran i 2014.

Balutsjarar (balutsji بلوچ) er ei folkegruppe frå Balutsjistan i Pakistan, Iran og Afghanistan. Hovudspråket til balutsjarar er balutsji, eit indoiransk språk i slekt med persisk.

Dei fleste balutsjarar, rundt 70 %, bur i Pakistan, der dei utgjer ei marginalisert minoritetsgruppe. Sidan 1970-talet har væpna grupper kjempa for sjølvstende for Balutsjistan frå Pakistan.

Islam er den største religionen blant balutsjarar, og dei fleste er sunniar i hanafiretninga. Rundt ein halv million eller meir er zikriar. Dei reknar Nur Pak som ein etterfølgjar til profeten Muhammed, og er derfor sett på som kjettarar av andre muslimar. Dette har ført til forfølgingar av dei sidan 1400-talet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]