Indoiranske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Indoiranske språk
Klassifisering: Indoeuropeisk
Indoiransk
Vidare inndeling:
Område: Sørvest-, Sentral- og Sør-Asia
Talarar: Ca. 1,2 milliardar


Utbreiinga av indoiranske språk (mørkeblå farge) saman med andre indoeuropeiske språk.

Indoiranske språk utgjer ei av hovudgreinene i den indoeuropeiske språkfamilien, den austlegaste av dei greinene som ikkje er utdøydde.

Dei indoiranske språka blir delte i to hovudgrupper, indoariske språk og iranske språk, men i overgangsområdet mellom desse hovudgruppene finst det ein del språk som har vore vanskelege å klassifisere, nemleg dei nuristanske språka og dei dardiske språka, som av mange blir rekna som to ekstra greiner av indoiransk. Dei nuristanske språka har òg blitt rekna som ei undergruppe av dei dardiske språka, men desse sistnemnde – utan nuristanske språk – blir av mange rekna som ei undergruppe av dei indoariske språka. Den norske språkforskaren Georg Morgenstierne (1892–1978) er mellom dei som har arbeidt mest med dei nuristanske og dei dardiske språka.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Indoiranske språk
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.