Bamiyan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bamyan (بامیان)
by
none  Del av Bamiyan sett frå nisjen til ein øydelagd buddhastatue.
Del av Bamiyan sett frå nisjen til ein øydelagd buddhastatue.
Land Flag of Afghanistan.svg Afghanistan
Distrikt Bamiyan-provinsen
Høgd 2 550 m
Tidssone UTC+4:30

Bamiyan (pasjto بامیان, farsi بامیان Bāmyān‎) er ein by i sentrale Afghanistan som er provinshovudstad i Bamiyan-provinsen. Han har rundt 62 000 innbyggjarar.[1] Bamiyan den største byen i den sentrale Hazarajat-regionen, og eit kulturelt sentrum for afghanske hazarafolk. Byen ligg rundt 24 mil nordvest for Kabul.[1]

Bamiyan ligg i ein dal mellom Hindukush- og Koh-i-Baba-fjella,[2] rundt 2550 moh.[1] Han har eit tørt klima med ekstreme temperaturendringar. Om vinteren kan temperaturen kan falla til heile -30°C, og dalane og fjella rundt bli snødekte. Om sommaren kan temperaturen nå 40°C.

Namnet «Bamiyan» er blitt omsett som 'stad av skinnande lys'.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bamiyan var historisk ein viktig by for reisande. Han var del av Silkevegen.[2] I det første hundreåret var han del av Kusjanriket, der han låg midtvegs mellom hovudstaden (nær dagens Bagram) og Balkh.[1]

På 200-talet skal profeten Mani, grunnleggjaren av manikeismen, ha budd her. Staden var også eit hinduisk og buddhistisk religiøst senter. Det fanst ei rekkje kloster her, og opphaldsholer for munkar og buddhastatuar blei hogde ut av klippene i nærleiken. Dette gjorde byen til ein valfartsstad. Bamiyandalen var ein buddhistisk utpost i vest, og blei verande buddhistisk i 400 år medan resten av Afghanistan konverterte til islam. Først under ghaznavidane blei innbyggjarane i Bamiyan muslimar. Dei skil seg frå majoriteten i Afghanistan ved å følgja sjiaislam.[1]

Bamiyan-området blei styrt av fleire mindre dynasti fram til 1222, då det blei erobra av mongolar. I 1221 raserte mongolhæren Bamiyan og drap størsteparten av innbyggjarane der etter ei kort omleiring.[3]

Hazarafolk, som skal stamma frå mongolane, slo seg ned her og levde framleis nokså avsondra frå områda rundt. På 1700-talet blei området erobra av pasjtunarar.[1] Ved den sovjetiske invasjonen av Afghanistan i 1979 kjempa innbyggjarane imot invasjonstroppane, og dreiv dei ut av Hazarajat i løpet av få år.

Gutar på syklar nær Bamiyan med utsyn mot den tomme nisjen etter ein øydelagd buddhastatue.

Moderne Bamiyan[endre | endre wikiteksten]

Fram til Afghanistan blei råka av krig i 1979 var Bamiyan eit vidkjend turistmål for sine mektige buddhastatuar i fjellsidene. Då Taliban sprengde statuane i 2001, vekte det oppsikt over heile verda. Dei buddhistiske ruinane i området blei innskrivne på UNESCO si liste over verdsarv i 2003.[4]

Byen har eit universitet med rundt 900 studentar, og ein lærarskule.[1]

Bamiyan ligg lang hovudvegen mellom Kabul og Turkestan. Byen har ein mindre flyplass, Bamiyan lufthamn.

Bamiyan er vennskapsby med Porirua på New Zealand.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Friendly City Bamiyan, Afghanistan, Porirua City Council (pcc.govt.nz)
  2. 2,0 2,1 2,2 Yohani Kamarudin, Bamiyan: Life Beyond the Destruction of the Giant 1,500-Year-Old Buddhas, environmentalgraffiti.com
  3. George C. Kohn, Dictionary of Wars s. 55; Amy Romano, A Historical Atlas of Afghanistan, s. 25. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  4. http://whc.unesco.org/en/list/208