Porirua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Porirua
by
none  Porirua hamn
Porirua hamn
Land Flag of New Zealand.svg New Zealand
Region Greater Wellington
Distrikt Porirua City
Folketal 50 800 (i byen)
51 000 (i distriktet)[1]
PoriruaWN.png
Porirua CC.PNG

Porirua er ein by Regionen WellingtonNew Zealand, like nord for hovudstaden Wellington. Dei sentrale forretningsområda i desse to byane ligg 20 km frå kvarandre. Ein stor del av innbyggjarane pendlar til arbeid i Wellington, så byen vert sett på som ein satellittby. Porirua ligg nesten kring heile hamna Porirua Harbour ved den sørlege delen av Kapiti Coast. Folketalet i byen var 50 800 i eit estimat 30. juni 2008.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Porirua» er av maoriopphav. Det er kanskje ein variant av Pari-rua («to tidevatn»), som viser til dei to armane i Porirua Harbour. Namnet vart brukt i det nittande hundreåret på eit område som strekte seg frå Kaiwharawhara (eller Kaiwarra) på den nordvestlege breidda til Wellington Harbour nordover til og rundt Porirua Harbour. Vegen som kliv over åsane frå Kaiwharawhara mot Ngaio og Khandallah vert enno kalla Old Porirua Road.

På 1800-talet voks det fram ein liten europeisk busetnad her, delvis fordi det var bruk for ei ferje over hamna herfrå. På den tida var her alt ein liten maoribusetnad.

Wellington and Manawatu Railway Company opna ei jarnvegslinje til Porirua i 1885, og band byen saman med Wellington. Jarnvegen nådde fram til Longburn, sør for Palmerston North i 1886, og fekk her samband med dei statlege linjene til Taranaki og Napier. Då staten overtok jarnvegsselskapet i 1908, vart linja til Porirua ein del av hovudjarnvegsnettet på Nordøya, North Island Main Trunk railway. Jarnvegen hadde mykje å seia for voksteren til busetnadane Plimmerton og Paremata ved å gjera dagsutflukter til strendene frå dei nordlege forstadane til Wellington relativt lett. Linja til Porirua vart elektrifisert i 1940.

I 1880- og 1890-åra vart eit asyl for sinnlidande, Porirua Lunatic Asylum, reist i åsen sørvest for byen. Etter ei lovendring i 1911 fekk asylet namnet Porirua Mental Hospital.

Dei opphavlege planane frå sist på 1940-talet var at Porirua skulle verta ein satellittby ved Wellington gjennom offentleg bustadbygging. Byen har no vakse til eit innbyggjartal kring 51 000, og den offentlege bustadbygginga er ikkje lenger den mest vanlege. I 1973 og 1988 vart større kringliggjande område lagde til byen i samband med reduksjonen og til slutt nedlegginga av Hutt County. På 1960- og -70-talet vart det oppretta større industriområde, for det meste vest for byen.

I 1976 opna den første McDonald's-etestaden på New Zealand i sentrum av byen, og låg der fram til i april 2009, då han vart flytta.[2]

Porirua er for ein stor del bygd ut langs armane til Porirua Harbour og kystlinja ut mot Cooksundet og den nordaustlegaste delen av Sørøya. Mesteparten av dei busette områda i Porirua ligg ut mot sjøen: Camborne, Karehana Bay, Mana, Onepoto, Papakowhai, Paremata, Pauatahanui, Plimmerton, Pukerua Bay, Takapuwahia, Titahi Bay og Whitby har alle direkte tilgang til parkar og friområde ved havet.

Fiske og og annan båtsport er populært i området, og der er ein stor marina i Mana, og sjøspeiding, segling, motorbåtsport, roing og vass-ski er mellom aktivitetane her. Innløpet til hamna frå Plimmerton eller Mana er populær mellom røynde vindsurfarar og kitesurferar,[3] nybyrjarar finn grunnare og mindre utsett farvatn i Pauatahanui-greina i hamna.[4] Aotea Lagoon er eit populært fritidsområde på den søraustlege stranda ved innløpet til Porirua Harbour.

Bygningar til politiskulen ovanfor Aotea Lagoon, med Colonial Knob ovanfor bysentrum (som ligg gøymt), Elsdon og Takapuwahia.

Porirua hyser politiskulen Royal New Zealand Police College, der alle nye politielevar har eit 19 vekers treningsopphald.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Hovudvegen State Highway 1 går i nord-sørleg retning rett gjennom byen og bind Porirua saman med Wellington sørover, og nordover til Kapiti Coast og resten av Nordøya. Porirua er det nordlege endepunktet til motorvegen Johnsonville-Porirua motorway, som er ein del av State Highway 1. State Highway 58 gjev samband med Paremata via Whitby og Pauatahanui med Haywards i Hutt Valley i aust.

Jarnvegslinja North Island Main Trunk railway line går gjennom Porirua, for det meste nær State Highway 1, med seks stasjonar i byen og ein på grensa til Wellington City. Det går forstadsbane mellom Paraparaumu og Wellington, stort sett to gonger i timen utanom rushtidene. Dei næraste flyplassane er Wellington Airport mot sør, og Paraparaumu Airport i nord.

I korte periodar gjekk det ferjesamband mellom Paremata og Picton, men dei viste seg ikkje å vera tevlingsføre samanlikna med Wellington-baserte samband, trass i kortare reiselengde.

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Distriktet, som er eit av distrikta på New Zealand som har nemninga City, vert administrert av Porirua City Council, og funksjonane til regionstyret ligg under Greater Wellington Regional Council.

Namnet «Porirua» vart først brukt på eit distrikt i 1961 då Makara County, vest for Wellington, vart oppløyst, det meste av den vestlege delen vart til Makara Ward i Hutt County og den snøgt veksande austlege, urbane delen (medrekna Titahi Bay) vart til Borough of Porirua. Fire år seinare vart folketalet rekna til å ha nådd over 20 000, den dåverande grensa for å gje Porirua status som city.

1. april 1973 vart større område i nordaust (og nokre få andre) overførte til byen frå Hutt County etter ei folkeavrøysting. Mana Island vart innlemma i byen samstundes. I 1988 vart enno eit landområde lagt til.

Namnet, byen og byrådet har bestått inn i det 21. hundreåret, trass i framlegg om å endra namnet til Mana; dessutan har det vore fleire mindre freistnadar på å slå distriktet saman med Wellington.

Ettermiddagsutsyn over Hongoeka Bay og Titahi Bay nær toppen til venstre, Ranui Heights og Kenepuru i midten og nede til høgre.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Porirua

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 41°08′S 174°51′E