Buddha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Buddha, samt Avalokitesvara bodhisattva og Mahasthamaprapta bodhisattva.

Buddha, Siddhartha Gautama, var ein prins og religiøs tenkar som levde rundt år 500 f. Kr. og verka i Nord-India. Læra hans blei til buddhismen.

Nemninga buddha er eit æresnamn som på sanskrit tyder 'den oppvakna' eller 'den opplyste'. Sjå òg bodhisattva.

Det er vanleg for buddhistar å æra statuar av Buddha i tempel og i heimane sine.

Nokre hindutradisjonar reknar Buddha som den niande avataren av guden Visjnu.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Buddha
Spire Denne religionsartikkelen som har med buddhisme og hinduisme å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.