Bandasje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Akhilles legg bandasje på Patroklos. Frå eit gresk drikkekar frå ca. 500 f.Kr.

Bandasje (frå fransk av bande, 'band'[1]) er eit stykke stoff eller anna materiale som kan brukast til å forbinda eit sår eller ein kroppsdel. Føremålet med ein bandasje kan vera å halda fast, støtta eller verna om det han forbind.

Sårbandasje er laga av eit porøst materiale som kan suga til seg væsker frå såret, som eit sterilt stykke papirfiber eller tekstil. Han verner såret mot bakteriar, skit og friksjon.[2] Bruk av sårsalve på bandasjen kan hindra at han sit fast.[3]

Trykkbandasje blir brukte for å stoppa blødningar ved hjelp av kompress.[3]

Støttebandasje kan vera av tjukkare og hardare materiale, som gips, eller dei kan vera elastiske. Slike bandasjar kan lindra smerte eller hindra komplikasjonar i samband med beinbrot, forstuingar eller sår.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «bandasje» i Nynorskordboka.
  2. Opdahl, Helge (10. oktober 2016). «bandasje». Store medisinske leksikon (på norsk). 
  3. 3,0 3,1 3,2 Reikerås, Olav (10. oktober 2016). «bandasjering». Store medisinske leksikon (på norsk).