Barbara Hershey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Barbara Hershey
Barbara Hershey by Gage Skidmore.jpg
Fødd5. februar 1948 (71 år)
FødestadHollywood i California i USA
FødenamnBarbara Lynn Herzstein
Aktive år1966–d. d.
Verka somSkodespelar
EktefelleStephen Douglas (1992–1993)
SambuarDavid Carradine, Naveen Andrews
PrisarPrimetime Emmy Award for Outstanding Lead Actress in a Miniseries or a Movie, Golden Globe Award for Best Actress – Miniseries or Television Film, Beste kvinnelige skuespiller ved filmfestivalen i Cannes, Beste kvinnelige skuespiller ved filmfestivalen i Cannes

Barbara Hershey (fødd 5. februar 1948 i Hollywood i California), fødenamn Barbara Lynn Herzstein,[1] tidlegare kjend som Barbara Seagull,[2] er ein prispåskjøna USA-amerikansk filmskodespelar. Ho har arbeidd i filmbransjen i snart 50 år, og har skildra ei rik mengd roller i både film og fjernsyn. Hershey har jobba i dei fleste genrar; alt ifrå westernfilmar til komediar. Skodespelaren var 17 år da ho hadde skodespeldebuten sin i 1965, men fekk ikkje anerkjenning blant kritikarar før på 1980-talet. På den tida blei ho kalla «ein av USA sine beste kvinnelege skodespelarar» av dagsavisa Chicago Tribune.[3]

Hershey vann Emmy-prisen og ein Golden Globe for innsatsen sin i TV-filmen A Killing in a Small Town (1990). Ho blei også tildelt Golden Globe-nominasjonar for beste kvinnelege birolle for skildringane sine som Maria Magdalena i Martin Scorcese sin Jesu siste fristelse (1988) og Serena Merle i The Portrait of a Lady (1996). For sistnemnde film blei ho også nominert til Oscar for beste kvinnelege birolle.[4] I tillegg fekk ho to prisar fra filmfestivalen i Cannes for arbeidet sitt i filmane Shy People (1987) og A World Apart (1988).[5][6]

Ho har elles blitt nominert til British Academy Film Awards («BAFTA-prisen») to gongar; i 1987 for rolla som Lee i Woody Allen sin filmsuksess Hannah og hennes søstre, og i 2011 for rolla som Erica Sayers i den psykologiske thrilleren Black Swan.[7][8] I sistnemnde film spelte ho mot Natalie Portman, og hadde rolla som hennar overbeskyttande mor. I eit intervju har ho sagt: «Eg trur [Erica] er ei åtvaring om kva [Portman si rolle] kan bli dersom ho ikkje følgjer draumen sin.»[9] Ein filmmeldar i Bergens Tidende meinte Hershey spelte fælsleg,[10] mens Filmpolitiet meinte i meldinga si at det finst teikn til seksuelt misbruk mellom Portmans og Hersheys roller.[11] Ho blei nominert saman med resten av ensemblet bak Black Swan til ein Screen Actors Guild Award i 2010.[12]

Barbara Hershey erfarte konfliktar mellom privatlivet sitt og filmkarrieren da ho fekk eit rykte som ein «hippie». Da ho var saman med skodespelaren David Carradine blei ho gravid, og på denne tida møtte ho mykje motgang. Ho fekk det nye artistnamnet Barbara Seagull som ho i ettertid angra på, og privatlivet hennar blei latterleggjort i offentlegheita.[13] Det var ikkje før ho slo opp med Carradine og bytte artistnamnet sitt tilbake til Hershey at karrieren hennar slo gjennom.[14][15] På grunn av desse turbulente åra har ho ofte halde privatlivet sitt for seg sjølv.[13][16]

Filmografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • 1969 - Last Summer
  • 1972 - Boxcar Bertha
  • 1983 - The Right Stuff
  • 1986 - Hannah og hennes søstre
  • 1988 - Jesu siste fristelse
  • 1988 - A World Apart
  • 1990 - A Killing In A Small Town
  • 1993 - Falling Down
  • 1993 - A Dangerous Woman
  • 1996 - The Portrait of a Lady
  • 2001 - Lantana
  • 2010 - Black Swan

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «California Birth Index, 1905–1995». United States: The Generations Network. 2005. Arkivert frå originalen den 2009-10-07. Henta 2015-03-05. 
  2. Walker, Connecticut. «Barbara Seagull: The New Hollywood.» Parade magazine. 16. desember 1973
  3. Blair, Iain. «Barbara Hershey's Class Act» Chicago Tribune. 8. januar 1989, s. 4
  4. «Academy Award Database». The Academy Awards. Henta 2015-03-05. 
  5. «Festival de Cannes: Shy People». festival-cannes.com. Henta 2015-03-05. 
  6. «Festival de Cannes: A World Apart». Henta 2015-03-05. 
  7. Forsberg, Myra. «Film; Barbara Hershey: In Demand» The New York Times. 29. mars 1987
  8. «2011 Film Awards Winners and Nominees». British Academy of Film and Television Arts. Henta 15. august 2014. 
  9. «Black Swan: Barbara Hershey Exclusive Interview». ScreenSlam (YouTube). 10. september 2010. Henta 7. juli 2014. 
  10. Leif Gullstein (3. februar 2011). «Intens tåspiss-thriller». Bergens Tidende. Henta 8. juli 2014. 
  11. Birger Vestmo (2. februar 2011). «Black Swan». Filmpolitiet. Henta 8. juli 2014. 
  12. «2011 SAG Awards winners & nominees list». Los Angeles Times (Tribune Company). 16. desember 2010. Henta 15. august 2014. 
  13. 13,0 13,1 Arar, Yardena.Actress Barbara «Hershey Continues Hectic Screen Pace». Lawrence Journal-World. 31. oktober 1990.
  14. Wright, Fred. «David Carradine is Human-Honest!» The Evening Independent. 29. august 1974, S. 3-B
  15. Scott, Vernon. Hollywood: «Welcome Home; Barbara Hershey». The Telegraph Gazette. 5. november 1975.
  16. Lee, Luaina. «For Hershey, Acting Was Childhood Outlet». Reading Eagle. 16. mai 1990. S. 40

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]