Barbizon-skulen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Théodore Rousseau: Les chênes d'Apremont ('Kastanjetrea ved Apremont', Oak Grove, Apremont), 1850-1852
Jean-François Millet: Aksplukkarane, 1857

Barbizon-skulen er ei nemning på ei gruppe franske målarar, som har namn etter landsbyen Barbizon nær Fontainebleauskogen i Frankrike. Desse målarane var del av ei rørsle som orienterte seg mot meir realisme i kunsten, i motsetning til den formaliserte romantikken som prega størstedelen av samtidskunsten i Frankrike. Dei leiande målarane av Barbizon-skulen var Camille Corot, Théodore Rousseau, Jean-François Millet og Charles-François Daubigny. Både Rousseau og Millet, høvesvis 1867 og 1875, døydde i Barbizon.

I 1824 viste Parissalongen arbeid av englendaren John Constable. Bileta hans av den engelske landsbygda inspirerte fleire yngre målarar til å velje tilsvarande motiv og stille seg friare til den formelle komposisjonen av landskap, og i staden ta utgangspunkt i det landskapet ein såg på staden. Landskapet vart dermed også tema, og ikkje einast kulisse for meir eller mindre dramatiske scener.

Medan folk i dei europeiske hovudstadene gjennomlevde sine revolusjonar i 1848, samla kunstmålarane seg i Barbizon for å prøve ut Constable sine idear. Ein leiande figur innan rørsla, Théodore Rousseau, var ein sterk forkjempar fo friluftsmåleri, og måla utandørs heile året. Camille Corot ferdigstilte derimot måleria sine i atelieret.[1] Jean-François Millet utvida ideen om å avbilda landskapet til også å omfatte figurar, bønder som arbeidde på åkrane, markane og i skogen. I Aksplukkarane, det kanskje best kjende av bileta etter denne skulen, ser ein tre kvinner som plukkar dei siste restar av kornhausten. Her er inga historie, ikkje noko drama, einast tre kvinner opptekne med sitt.

Impulsar frå Barbizon kan sporast hos mange kunstmålarar frå fleire land, både i Europa og Nord-Amerika. Russarane Aleksej Bogoljubov og Fjodor Vasiljev og sveitsaren Rudolf Koller er mellom desse.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Barbizon School: French Painters of Nature», www.metmuseum.org, henta 20. februar 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]