Parissalongen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Motiv frå Salongen i 1787 av Pietro Antonio Martini.
'Eit hjørne av Salongen' (1890) av Edouard Dantan.

Parissalongen, Parisarsalongen eller berre Salongen (fransk Salon de Paris eller Le Salon), var ei kunstutstilling i Paris halden årleg eller annakvart år av av Académie des Beaux-Arts. Utstillingane tok til i 1667,[1] og var mellom 1748 og 1890 truleg den viktigaste kunstutstillinga i verda. Ved Parissalongen i 1761 stilte 33 målarar, ni skulptørar og elleve gravørar ut verk.[2] Frå 1881 av blei utstillinga halden av Société des Artistes Français.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Salongen ble organisert første gang i 1667, etter initiativ frå kong Ludvig XIV, for å visa fram den kunstnariske smaken ved det franske hoffet. Frå 1725 blei utstillinga halden i Louvre, og fekk frå då av den offisielle nemninga Salon de Paris. Salongen blei den fremste autoriteten for kunstnarar i heile Europa utover på 1700- og 1800-talet, og det blei rekna som ei stor ære og eit viktig karriereskritt å få stilla ut her. Også norske kunstnarar, som Edvard Munch, Christian Skredsvig og Frits Thaulow, stilte ut ved Salongen. Skredsvig oppnådde også, som einaste norske kunstnar, å bli tildelt den prestisjefulle gullmedaljen ved utstillinga i 1881.

Utover på 1800-talet blei Salongen meir og meir knytt til ein konservativ og akademisk smak, og blei kritisert av stadig fleire kunstnarar. Både dei franske realistane og impresjonistane opplevde å bli refusert av juryen ei rekkje gonger, noko som eit år førte til ei eiga utstilling for refuserte verk, Salon des refusés, i 1863. Etterkvart blei det skipa fleire alternative utstillingar, som Indipendentane (Salon des indépendants) og Haustsalongen (Salon d'automne).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Salon French art exhibition». britannica.com. Henta 14 June 2015. 
  2. Levey, Michael. (1993) Painting and sculpture in France 1700–1789. New Haven: Yale University Press, p. 3. ISBN 0300064942

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]