Barclays

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barclays
Barclays logo.jpeg
Barclays HQ.jpg
Hovudkontoret til Barclays i Canary Wharf i London.
Selskapsformpublic limited company Sjå dette på Wikidata
Skipa1690
DotterselskapBarclays Bank, Barclays Bank PLC France Sjå dette på Wikidata
Bransjefinansvesen, bankverksemd, finansielle tenester, finansielle serviceaktiviteter, unntatt forsikring og pensjonsfinansiering
LandStorbritannia Sjå dette på Wikidata
HovudkontorOne Churchill Place, London, London Sjå dette på Wikidata
StyreleiarNigel Higgins
Adm. direktørJes Staley
Tilsette79 900 Sjå dette på Wikidata

Barclays plc er eit britisk holdingselskap, som gjennom dotterselskapet Barclays Bank plc driv finansiell verksemd med aktivitetar over heile verda. Barclays plc er notert på London Stock Exchange og New York-børsen. I 2008 omsette Barclays for 2,98 milarer Britisk pund og hadde 148 000 tilsette. Ifølge Forbes Global var det verdas 25. største verksemd i 2000. På heimemarknaden Storbritannia er Barclays Bank den andre største banken, medan den på verdsplan er den fjerde største.[1]

Banken vart grunnlagd av John Freame og Thomas Gould i Lombard Street i London, i 1690. Han har namnet sitt etter James Barclay, som vart partnar i selskapet i 1736. Banken utvida med mellom anna Backhouse's Bank of Darlington og Gurney's Bank of Norwich i 1896. Seinare kom fleire til gjennom oppkjøp. I 1918 fusjonerte Barclays med London, Provincial and South Western Bank og året etter overtok han British Linen Bank. Med etableringa av Barclays Bank of California i San Francisco i 1965 gjekk Barclays inn på det amerikanske marknaden, og i 1986 etablerte han seg i Sør-Afrika. Sidan kom fleire land, slik at Barclays i dag har aktivitetar i Europa, USA, Latin-Amerika, Asia, Afrika og Australia.

Barclays er banken HM Revenue and Customs nyttar seg av for å ta imot skatt. Motteken skatt blir deretter overført, fleire gongar om dagen, til staten sin konto i Bank of England.

Frå 2004 var Barclays ein av hovudsponsorane i Premier League.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Skuffende resultat fra Barclays Berlingske Tidende 3. august 2009

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]