Hopp til innhald

Barclays

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barclays


Hovudkontoret til Barclays i Canary Wharf i London.
BransjeFinansielle tenester
HovudkontorLondon, London
LandStorbritannia[1]
Produktforretningsbank
Adm.dir.Jes Staley (1. desember 2015)[2]

Barclays plc er eit britisk holdingselskap, som gjennom dotterselskapet Barclays Bank plc driv finansiell verksemd med aktivitetar over heile verda. Barclays plc er notert på London Stock Exchange og New York-børsen, og er del av indeksen FTSE 100.

Banken vart grunnlagd av gullsmed-bankierane John Freame og Thomas Gould i Lombard Street i London, i 1690.[3] Han har namnet sitt etter James Barclay, som vart partnar i selskapet i 1736.[3] Banken utvida med mellom anna Backhouse's Bank of Darlington og Gurney's Bank of Norwich i 1896. Seinare kom fleire til gjennom oppkjøp. I 1918 fusjonerte Barclays med London, Provincial and South Western Bank og året etter overtok han British Linen Bank. Med etableringa av Barclays Bank of California i San Francisco i 1965 gjekk Barclays inn på det amerikanske marknaden, og i 1986 etablerte han seg i Sør-Afrika. Sidan kom fleire land, slik at Barclays i dag har aktivitetar i Europa, USA, Latin-Amerika, Asia, Afrika og Australia.

Barclays er banken dei britiske styresmaktene, HM Revenue and Customs, nyttar seg av for å ta imot skatt. Motteken skatt blir deretter overført, fleire gongar om dagen, til staten sin konto i Bank of England.

Frå 2004 var Barclays ein av hovudsponsorane i Premier League.

  1. https://www.unepfi.org/net-zero-banking/members/; vitjingsdato: 23. august 2024.
  2. https://home.barclays/who-we-are/structure-and-leadership/leadership/jes-staley/.
  3. 3,0 3,1 Barclays – A Quick History, archive.barclays.com, arkivert frå originalen 3. april 2019, henta 16. august 2017 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Barclays