Bardufoss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bardufoss lufthamn og Andselv

Bardufoss er ei bygd, eller eit bygdelag, i Målselv kommune i Troms. Bygda omfattar dei to tettstadene Andslimoen og Andselv, samt grendene Finnsund, Fossmoen, Heggelia og Rusten. Bardufoss har om lag 2 500 ibuarar. Europaveg 6 går gjennom Bardufoss. Bardufoss lufthamn ligg sentralt i bygdelaget.

Sjølve Bardufoss voks for ein stor del fram då den tyske okkupasjonsmakta under 2. verdskrigen fekk bygt flyplass med hjelp av tvangsutskrivne nordmenn og krigsfangar. Etter verdskrigen bygde det norske Forsvaret ut området gjennom fleire tiår, så i dag er brorparten av folket på staden direkte eller indirekte knytt til Forsvaret. Bardufoss leir er samlenemning for Heggelia leir og Rusta leir, to leirar som ligg ca 500 meter frå einannan. Mellom Rusta og Heggelia leir ligg Istindportalen, eit velferdsbygg for soldatane, samt kino, idrettshall og kiosk for sivile. Istindportalen hyser også fellesbibliotek for Forsvaret og Målselv kommune, samt kulturskulen i kommunen.

Bardufoss har vidaregåande skule med dei fleste praktiske fag som flyfag, byggfag og mekaniske fag, i tillegg til idrettsfag og studieførebuande fag. På Rustahøgda, mellom Andselv og Heggelia, ligg ungdomsskulen i bygda og Næringshagen i Målselv. Her har Forsvarets Høgskule ei avdeling. Ein symjehall og ein idrettshall ligg også her.

I bygdesenteret Andselv er daglegvarebutikkar og andre butikkar, apotek og postkontor; 9235 Bardufoss. Nokre kilometer aust og søraust for Bardufoss ligg skianlegget Myrefjell og den mektige Målselvfossen. På tettstaden Andslimoen er helsesenter, tannklinikk, samisk skule, slakteriet Nortura, samt bilforhandlarar og ein caravan-forhandlar.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

«Reinbeite-konflikten mellom norske og svenske reinbønder har vært fastlåst i flere år fordi svenskene ennå ikke har ratifisert en ny norsk-svensk beitekonvensjon etter at den forrige utløp i 2005», sa (den norske) landbruksminister Dale, i 2018.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]