Bardun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein bardun stabiliserer ein telefonstolpe, bardunen er merkt med grå farge

Ein bardun er eit tau eller ein vaier som har til føremål å skapa støtte og stabilitet til høge lekamar ved hjelp av strekkrefter. Døme er ei mast i telt eller telefonstolpar. På større seglfartøy støttar bardunane den øvste delen av masta i sideretning. Lågare tverrskipsstøtte vert kalla vant og alle langskip sine vert kalla stag.

Ein bardun kan lagast av ein metallisk vaier. For å kunna stramma opp og justera strekkreftene i bardunen vert det ofte sett på strekkfiskar i den eine enden av bardunen, for med denne kunne kompensera for forandringa i «lengda til bardunen».

Dømet til høgre viser ein bardun som held ein telefonstolpe. Denne bardunen vert fest i bakken med eit jordanker eller direkte i fjell.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]