Telt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Beduintelt i Tunisia
Telt-hangar for luftskip

Telt er ein bygning laga av duk, skinn eller liknande som er spent opp over stenger og som ein kan leggja saman og flytta som det trengst.[1][2] Det finst telt i ei rekkje ulike utformingar og storleiker til mange ulike føremål. Ein kan bruka dei til bustad, næringsdrift, utstillingar, større forsamlingar og anna.[3]

Typar[endre | endre wikiteksten]

Menneske har brukt telt i svært lang tid. Dei har særleg vore vanlege og vidareutvikla blant nomadar. Ein kjenner til teltbruk frå dei gamle assyrarane, nordamerikanske urfolk, samar og sibirske nomadar.[4] Frå slike kulturar kjem ulike telttypar som jurt, lavvo, tipi og wigwam. Til slike telt har ein brukt naturmateriale som skinn, filt, duk eller matter av plantemateriale.

I dag kan ein bruka telt i samband med friluftsliv og ferie. Til fotturar og liknande finst det små, lette telt ein lett kan bera med seg. Fjelltelt av god kvalitet har yttertelt av vasstett nylon og innertelt av stoff som slepp gjennom fukt, slik at ein ikkje får problem med kondens. Til bilcamping finst det større hustelt, gjerne med fortelt.

Telt kan brukast som midlertidig opphaldsstad i militær samanheng eller i flyktningeleirar.

Ein kan bruka telt til å setja opp midlertidige buer på festivalar og marknader. Større telt kan brukast til folkeforsamlingar, til dømes festar, møte, utstillingar og sirkus.

Kulturell tyding[endre | endre wikiteksten]

Telt er viktige i jødisk historie. Første Mosebok nemner Jabal, som var «stamfar til dei som bur i telt og held buskap.»[5] Andre Mosebok skildrar teltheilagdommen, eller tabernakelet, som blei brukt til å husa paktkista. Denne skal vera av «ti teltdukar [...] av fint, tvinna lin og purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff [med] kjerubar i kunstvevnad.»[6] Deretter skulle ein ha elleve jamstore «dukar av geiteragg til eit telt over bustaden.»[7]

Stormogulane i India, som nedstamma frå nomadar, hadde reisande hoff som ein sette opp omfattande teltbyar for.[8] Leirane hadde toetasjes telt for keisaren, markert med skarlagensraude skiljeveggar, eit avsondra teltområde for haremet, og store baldakinar for kongelege audiensar. Det fanst også telt for adelege, soldatar, arbeidarar, musikarar og for ulike føremål som å husa våpen, klede, hestar og elefantar, alle plasserte etter fastlagde planar.[9]

Mot slutten av 1700-talet byrja «den store oppvakninga» i USA. Her slo folk seg ned i teltleirar for å oppleva utandørs preiker og kristenliv.[10] Etterkvart blei det vanleg å halda vekkingsmøte i store telt.[11][12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «telt» i Nynorskordboka.
  2. «telt». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2018. 
  3. «Tent | portable shelter», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 10. januar 2019 
  4. Tim Ingold; William Barr (19. desember 2018). «Arctic - The People». Encyclopædia Britannica (engelsk). Encyclopædia Britannica, inc. 
  5. «4:20». Første Mosebok. bibel.no. 
  6. «26:1». Andre Mosebok. bibel.no. 
  7. «26:7». Andre Mosebok. bibel.no. 
  8. Naseer Ahmad Mir (august 2017). «Description of Mughal Tents as a Temporary Capital» (PDF). International Journal of Scientific and Research Publications. ISSN 2250-3153. 
  9. Carla M. Sinopoli (1994). «Monumentality and Mobility in Mughal Capitals» (PDF). ASIAN PERSPECTIVES. 
  10. «Camp meeting | religion», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 10. januar 2019 
  11. «When Revival Ran Epidemic», Christianity.com (på engelsk), henta 10. januar 2019 
  12. Sorensen, Karen, «Faith: The rise and fall of tent revival church services», The Taunton Daily Gazette, Taunton, MA (på engelsk), henta 10. januar 2019